Utløpt

Vil du jobbe med samfunnstryggleik og beredskap?

Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - samfunnstryggleik og beredskap
Frist
13.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland
Om stillinga

Vi har ledig ei fast stilling i beredskapsseksjonen vår, med kontorstad Bergen.

Statsforvaltaren har ansvar for å samordne arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Vestland fylke, og skal vere ein pådrivar og rettleiar for dette. Kontakten med kommunane er sentral, og vi skal særleg rettleie og drive tilsyn med oppfølginga av beredskapsplikta til kommunane.

For tida er den regionale handteringa av den nye tryggleikspolitiske situasjonen i Europa ei omfattande arbeidsoppgåve ved beredskapsseksjonen.

Statsforvaltaren i Vestland har seks avdelingar, og beredskapsseksjonen høyrer til under kommunalavdelinga. Seksjonen har eit breidt spekter av oppgåver, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss.


Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging av kommunal beredskapsplikt gjennom rettleiing og tilsyn
  • Analysar av risiko og sårbarheit
  • Planlegging og gjennomføring av øvingar
  • Evaluering og erfaringslæring etter øvingar og reelle hendingar
  • Oppfølging av samfunnstryggleik i kommunal planlegging
  • Utvikling av totalforsvaret

Du vil vere ein del av kriseorganisasjonen til Statsforvaltaren, og ei eventuell vaktordning. Andre oppgåver innan samfunnstryggleik og beredskap kan òg vere aktuelle.


Kvalifikasjonar
  • Minimum treårig utdanning frå høgskule/universitet med relevante fag, gjerne innan samfunnstryggleik eller planlegging (søkjarar med kortare utdanning vert òg vurdert, viss utdanning og praksis er særleg relevant for stillinga)
  • Erfaring frå offentleg forvalting, gjerne frå arbeid med samfunnstryggleik og beredskap eller planlegging
  • Må kunne tryggleiksklarerast
  • Førarkort minimum klasse B
  • God brukarkunnskap innan IKT

Personlege eigenskapar
  • Gode formidlings- og samarbeidsevner
  • Innsatsvilje
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår:

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 530 000-640 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.      

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av

  • Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand, telefon 57 64 30 10, mobil 915 77 432, e-post: fmsfhst@statsforvalteren.no
  • Kommunaldirektør Nils Erling Yndesdal, telefon 57 64 31 20, mobil 957 23 372, e-post: fmsfney@statsforvalteren.no

Om arbeidsgiveren

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.

Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Kaigaten 9, 5015 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Sikkerhet,
Vakt og sikkerhet
Følg firma
379 følger dette firmaet

Kaigaten 9, 5015 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 288998051
Sist endret 25. jan. 2023 13:30

Rapporter annonse