Vil du jobbe for å styrke tilbodet innan rus og psykisk helse?

Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - rus og psykisk helse
Frist
13.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland
Om stillinga

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland har ledig eit årsvikariat. Stillinga er knytt til seksjon kommunehelse og -omsorg, med kontorstad Bergen.

Avdelinga har tre seksjonar og ansvar for utviklingsoppgåver, rettleiing, tilsyn, behandling av klager og andre forvaltningsoppgåver innan helse, omsorg, sosial og barnevern. Fylkeslegen/avdelingsdirektøren leier avdelinga som har tilsette med kompetanse innan barnevern, sosial- og helsefag, rettsvitskap, pedagogikk, samfunnsfag og administrasjon. Vi har tett kontakt med kommunale helse- og omsorgstenester, kommunar, spesialisthelsetenester og nasjonale styresmakter.

Vi søkjer etter deg som har erfaring frå rus- og psykisk helsearbeid.


Arbeidsoppgåver

Du vil jobbe med tiltak for å styrke og utvikle tilbodet innan rus og psykisk helse, i samsvar med oppdrag frå nasjonale styresmakter. Rettleiing og informasjon til brukarar, tilsette og leiarar er også ei sentral oppgåve, ofte i samarbeid med nasjonale og regionale kompetansesenter. Statsforvaltaren forvaltar fleire tilskotsordningar. Tildeling og oppfølging av rapportering om bruken av tilskot, vil vere ei av oppgåvene. Arbeidet er variert og i stor grad tverrfagleg. Som tilsett hos oss, må du vere budd på endringar i oppgåvene når dette er naudsynt, av omsyn til den totale oppgåveløysninga.


Kvalifikasjonar
  • helse-/sosialfagleg utdanning frå høgskule eller universitet, minimum bachelor
  • erfaring frå, og god kjennskap til offentleg forvaltning
  • erfaring frå utviklingsarbeid i kommunale tenester og mellom kommunale tenester og spesialisthelseteneste
  • kan uttrykke deg godt skriftleg og munnleg på nynorsk og bokmål. 

Personlege eigenskapar
  • Du har god samarbeids- og formidlingsevne
  • Du har god vurderingsevne og rolleforståing
  • Du kan arbeide systematisk og sjølvstendig, og halde fristar
  • Du er fleksibel og kan finne konstruktive løysingar i samarbeid med andre

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår:

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 530 000-630 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.      

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av:

  • fylkeslege/avdelingsdirektør Sjur Lehmann, fmhosle@statsforvalteren.no tlf. 55 57 22 18
  • seksjonsleiar Linda Svori, fmsflsv@statsforvalteren.no, tlf. 57 64 31 61.

Om arbeidsgiveren

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.

Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Kaigaten 9, 5015 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler,
Sosionom

Annonseinformasjon

FINN-kode 288997681
Sist endret 25. jan. 2023 13:27

Rapporter annonse