Utløpt

Lærarstillingar august 2023

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Lærar Hå kommune
Frist
06.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Hå kommune har ledige lærarstillingar frå 1.8.2023. Me har ledig over 20 årsverk fordelt på alle skulane. Me har ledig både fast og vikariat. Skriv gjerne ønske om skule, fag og stillingsprosent i søknaden.


Hå kommune er ein god arbeidsplass for deg som vil undervise i grunnskulen. Me har oppdatert læreverk etter ny læreplan, og godt digitalt utstyr til elevar og tilsette. Fleire av skulane har nye eller oppgraderte skulebygg.


Skulane våre er veldrivne og prega av samarbeidskultur. Du vil få god opplæring og rettleiing som ny. Nyutdanna lærar får rettleiing i to år. Det første året med nedsett tid og eigen rettleiar på skulen, det andre året i grupper på tvers av skular. Over tid kan du søke om vidareutdanning for å bygge på din undervisningskompetanse.


Skulane i Hå, er saman med Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen. I Jærskulen står me sterke saman som ein region som vil utvikle skulane våre til det beste for elevane. Kommunen samarbeider og med næringsliv og Ungt entreprenørskap for å gjere undervisning enda meir relevant og spennande for elevane.


Åtte av våre ni grunnskular ligg langs jernbanen, og det er perfekt viss du ønsker å pendle med tog. Vil du bruke bil, har me gratis parkering ved alle skulane våre.


Kvalifikasjonar og kompetanse

Dersom du har godkjend utdanning for å undervise i grunnskulen og relevant fagkompetanse, kan du søke arbeid hos oss. Me er på jakt etter engasjerte lærarar som har evne til å formidle, samarbeide, skape dialog, bygge relasjonar og til å lede klassar og grupper.


Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din.


Fakta om Hå kommune

Administrasjonssenteret ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 19 500 innbyggjarar, velfungerande skoledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod, finn du her flotte tur- og friluftsområde. Meir informasjon finn du på heimesida vår: www.ha.no


Kontaktpersonar

Dersom du ønsker meir informasjon om arbeid i Hå kommune, kan du ta kontakt med skulesjef eller med rektor på den enkelte skule:


Bø skule: Ingrid Marie Særheim (rektor), 415 32 694

Høyland skule: Toril Øgreid (rektor), 992 75 250

Motland skule: Synnøve Helleren Malmin (rektor), 901 32 555

Nærbø ungdomsskule: Linda Hadland Forsmo (rektor), 920 17 187

Ogna skule: Helge Håland (rektor), 415 32 615

Varhaug skule: Johan Omland (rektor), 415 32 693

Varhaug ungdomsskule: Kris Georgsen (rektor), 906 90 132

Vigrestad skule: Ingrid Vold (rektor), 930 97 130

Vigrestad storskule: Seri Refsnes (rektor), 415 32 656


Politiattest

Gyldig politiattest nyare enn tre månadar må leverast før tiltreding.


Tilsetjingsvilkår

Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktene som går fram av utlysinga og gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar. Me har gode pensjons- og forsikringsordninger med ulykkesforsikring i fritiden. Kommunen har prøvetid på 6 måneder og regler for flyttegodtgjørelse. Lærarar får telefongodtgjersle. Prøvetida er på 6 månader.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
20
Sted
Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger

Nøkkelord

Formidlingsevne, Klasseleiing, Lærar, Samarbeidsevne, Dialog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Roaldsen
Stillingstittel
Skulesjef
Mobil
41 53 26 50
Følg firma
202 følger dette firmaet

Rådhusgata 8, 4360 Varhaug

Annonseinformasjon

FINN-kode 288996889
Sist endret 8. mar. 2023 14:16

Rapporter annonse