Utløpt

100% stilling som distriktsmusikar folkemusikk

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune
Stillingstittel
100% stilling som distriktsmusikar folkemusikk
Frist
15.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Distriktsmusikar folkemusikk

(100 % stilling - fordelt til 50 % utøving og 50 % undervisning)


Ullensvang kommune søkjer: gjeld frå 1.august 2023


Ullensvang kulturskule er ein veldriven kulturskule med om lag 340 elevplassar innan musikk, dans, drama og visuelle kunstfag.

Kulturskulen har eit nært samarbeid med det frivillige kulturlivet i kommunen. Undervisninga er desentralisert med heile 9 undervisningsstader.


Me søkjer ein dyktig folkemusikar med minimum 4 års høgskuleutdanning på hovudinstrumentet med pedagogikk.

? Søkjarane bør ha god kjennskap til lokal tradisjonsmusikk.

? Det å beherske fleire disiplinar vil bli lagt vekt på.

? Søkjarane må vere engasjerte og initiativrike, og dei må kommunisere godt med både born og vaksne.

? Ein må vere innstilt på å jobbe saman med dei andre distriktsmusikarar i regionen og åleine.

? Søkjarane bør ha sertifikat og disponere bil.

? Det er ønskeleg med god datakompetanse


Arbeidsoppgåver:

? Undervisningsdelen består av opplæring av kulturskuleelevar, og den kan også innehalda anna undervisning, seminarverksemd og instruksjon innan det frivillige musikklivet.

? Den utøvande delen består av konsertverksemd i samarbeid med det lokale musikklivet, med distriktsmusikarar og andre musikarar både lokalt og i resten av fylket, institusjonskonsertar, samt skule-og barnehagekonsertar lokalt og i samarbeid med fylkeskommunen.


Me tilbyr:

? Gode vilkår for fagleg utvikling

? Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø

? Gode forsikrings- og pensjonsordningar

? Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår


Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og prøvespel.

Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Bransje
Musikk
Stillingsfunksjon
Utøvende kunst

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eldbjørg Furholt
Stillingstittel
Verksemdsleiar
Mobil
97 55 84 52
Følg firma
74 følger dette firmaet

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 288992531
Sist endret 8. mar. 2023 13:16

Rapporter annonse