Audiograf

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Audiograf
Frist
01.03.2023
Ansettelsesform
Fast

Hørselsentralen har ledig 100% fast stilling som audiograf. Oppstart snarast/etter avtale.

Avdelinga har 6,5 audiografstillingar. Hørselsentralen har aktivitet på 3 stader, Førde, Lærdal og Nordfjordeid. Hørselsentralen er ein del av ØNH/KJEVE avdeling og vi jobbar tett saman i team alle yrkesgrupper. Vi er opptatt av gode arbeidsforhold og godt arbeidsmiljø. 

For meir informasjon om Helse Førde kan du gå inn på denne lenkja.

Den som får tilbod om tilsetjing må legge frem tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). 

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging
  • Diagnostikk og behandling av hørselstap i alle aldersgrupper
  • Avdelinga har alt relevant utstyr til klinisk audiologisk utredning

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad, Audiograf 
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg    

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha evne til å skape og ivareta gode relasjonar med pasientar og kollegaer. Vi verdset god og positiv samarbeidsånd
  • Du må vere fleksibel og omgjengeleg i eit levande arbeidsmiljø
  • Du må kunne arbeider målretta og tole å stå i krevjande situasjonar
  • Du må trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistre høgt arbeidstempotempo

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 


Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Audiograf

Nøkkelord

Helse, Førde, Førde

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karin Refvik
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
57 83 94 51
Følg firma
43 følger dette firmaet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 288988725
Sist endret 25. jan. 2023 12:17

Rapporter annonse