Vil du utvikle akvakultur i Vestland - med Stord som base?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar/ seniorrådgjevar - marin innsats - berekraftig akvakultur
Frist
14.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune og samarbeidspartnarane styrker sin innsats for produksjon av berekraftig sjømat. Samstundes  ivaretek vi omsynet til miljø, naturmangfald og klima.

I samband med dette arbeidet treng vi ein drivande medarbeidar som evnar å samle ulike aktørar til felles innsats. 

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er å

  • løfte Vestland sin innsats innan berekraftig akvakultur
  • utvikle strategiar og handlingsplanar
  • forme og iverksetje den forsterka innsatsen på berekraftig akvakultur
  • dele oppdatert kunnskap med akvakulturnæringa og statlege styresmakter
  • utarbeide innspel til statlege styresmakter, deriblant svar på høyringar
  • utgreie, sakshandsame og rådgje, m.a. i samband med tiltak som fylkeskommunen yter støtte til
  • arrangere og delta på samlingar, nettverk og konferansar
  • kontakt opp mot Grøn region Vestland
Arbeidet inneber tett samarbeid med dei marine næringane, forskingsmiljø, Innovasjon Norge, kommunar og statlege styresmakter.

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • relevant høgare utdanning, helst på masternivå
  • god kjennskap til problemstillingar innan berekraftig akvakultur

Søkjarar med utdanning på bachelornivå og med lang og relevant erfaring kan også vere aktuelle for stillinga, men vert då formelt sett tilsett som spesialkonsulent og ikkje som rådgjevar

Det er ein fordel med:

  • erfaring frå næringsverksemd eller med å legge til rette for næringsverksemd - gjerne innan marin sektor
  • relevant erfaring frå offentleg sektor

Personlege eigenskapar

Den som blir tilsett må i tillegg kunne vise til desse eigenskapane:

  • Gode samarbeidsevner og positiv innstilling
  • Evne til å ta ansvar og arbeide strukturert og sjølvstendig
  • God på planlegging
  • Sterk evne til gjennomføring
  • Kreativ og løysingsorientert
  • Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale
  • fleksibel arbeidstid
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Andre opplysningar:

  • Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
  • Arbeidsstad er på Stord
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Vabakkjen 6, 5411 Stord
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler,
Analyse

Nøkkelord

Administrasjon, Informasjon, Saksbehandling, Rådgivning, Forvaltning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Endre Høgalmen
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
952 07 789
Følg firma
669 følger dette firmaet

Vabakkjen 6, 5411 Stord

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 288981712
Sist endret 25. jan. 2023 11:18

Rapporter annonse