Utløpt

Stipendiat ved Institutt for samfunnspsykologi

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Stipendiat ved Institutt for samfunnspsykologi
Frist
15.02.2023
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Universitetet i Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)


Stipendiat

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som stipendiat for ein åremålsperiode på 4 år med 25% pliktarbeid knytt til undervisning og andre oppgåver ved instituttet. Stillinga har planlagt oppstart våren 2023 og er knytt til Nasjonalt kompetansesenter for spillforskning (https://www.uib.no/spillforsk).


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Oppgåvene vil vere:

  • å administrere datainnsamling knytt til doktorgradsprosjektet
  • å analysere data knytt til doktorgradsprosjektet
  • ta hovudansvar for å skrive opp relevante artiklar knytt til doktorgradsprosjektet
  • skrive og levere samanfatning/avhandling
  • å elles bidra til gruppas forskingsaktivitet der relevant
  • å bidra til instituttets undervisingsoppgåver (undervisning på relevante kurs, rettleiing av bachelor/master/hovudoppgåver, samt sensurere).

Den som vert tilsett vil  bli knytt til Forskningsgruppe for avhengighetsforskning ved Institutt for samfunnspsykologi. Hovudrettleiar vil vere ein vitskapeleg fast tilsett knytt til forskingsgruppa.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må på søknadstidpunktet ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i psykologi eller biostatistikk/medisinsk statistikk.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva/hovudoppgåve ved opptak til forskarutdanninga
  • Erfaring frå forskingsarbeid samt interesse for statistiske metodar/analyse vil vere ein fordel.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Gode norskkunnskapar er ein fordel då gruppa i fleire relevante prosjekt jobbar opp mot norske myndigheiter på feltet og der det i nokre høve er relevant å nytte norske dokument
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid i form av undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon.

Om ph.d.-utdanninga
Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.

Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her (https://www.uib.no/psyfa/43601/forskerutdanning-ved-det-psykologiske-fakultet).


Vi tilbyr:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 501 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Prosjektskisse på 1 side (eksklusive referansar) der søkar gjer greie for korleis ulike enkeltsymptom på dataspillavhengnad, pengespilliding, depresjon og angst kan henge saman og korleis ein kan undersøkje desse samanhengane eller ei framstilling av ulike analysemetodar som kan nyttast for å undersøke samanhengen mellom ulike symptom generelt.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT/HK-dir si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT/HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent. Sjå meir her: Utdanning fra utlandet | Nokut. (https://www.nokut.no/utdanning-fra-utlandet/)
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Professor Ståle Pallesen, Staale.Pallesen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5 (https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5)


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgate 12, 5015 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Christiesgate 12, 5015 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 288977126
Sist endret 1. feb. 2023 12:51

Rapporter annonse