Vil du legge til rette for å utvikle landbruket i Vestland?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Landbruk - rådgjevar/seniorrådgjevar
Frist
14.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Er du oppteken av å utvikle næringsliv og lokalsamfunn i fylket vårt og landbruket si rolle i dette arbeidet?  Vil du arbeide i Leikanger i Sogn? I så fall er du kanskje den rette til å gå inn i den ledige rådgjevarstillinga i seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv.
 
I vår seksjon arbeider vi med oppgåver knytt til landbruk, reiseliv, lokalsamfunnsutvikling, marin sektor, vassforvaltning, vilt og mineral. Gjennom arbeidet legg vi til rette for å forvalte naturressursane på ein god måte og utvikle samfunna i Vestland.

Kontorstaden er primært Leikanger. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast anna kontorstad der vi har våre fagfolk, til dømes i Bergen. 

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er:

  • Utarbeide strategiar og handlingsplanar for å utvikle landbruksnæringa i fylket
  • Støtte kommunar og andre aktørar som arbeider med næringsutvikling knytt til landbruket
  • Sakshandsaming og rådgjeving
  • Utgreiing og utforming av saker til politiske utval
  • Prosjektarbeid som fylkeskommunen leiar eller er med på
  • Arrangere og delta på samlingar, nettverk og konferansar
  • Legge til rette for kunnskapsutvikling og kompetanseheving 

Faglaga i landbruket, Statsforvaltaren si landbruksavdeling, Innovasjon Norge og kommunane er viktige samarbeidsaktørar. Temaplan landbruk er utarbeidd i samarbeid med desse aktørane, og set mål for arbeidet. Fylkeskommunen samlar denne partnerskapen til felles innsats for å utvikle landbruket i Vestland. 

 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • relevant høgare utdanning, helst på masternivå
  • god innsikt  i nærings- og samfunnsutvikling

Søkjarar med høgare utdanning på bachelornivå og med lang og relevant erfaring kan også vere aktuelle for stillinga, men vert då tilsett som spesialkonsulent og ikkje som rådgjevar.

Det er ein fordel med:

  • Erfaring med å legge til rette for næringsverksemd, og gjerne utvikling innan landbruk 
  • Kjennskap til og erfaring frå offentleg verksemd
 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og positiv innstilling
  • Evne til å ta initiativ og ansvar  - og arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Kreativ og løysingsorientert
  • Gode formidlingsevne, både munnleg og skriftleg på norsk

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Andre opplysningar:

  • Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
  • Kontorstad er fylkeshuset på Leikanger i Sogndal kommune.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse,
Saksbehandler,
Rådgivning

Nøkkelord

forvaltning;, landbruk;, Sogn;, fylkeskommunen;, strategi;

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Sognnes
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Telefon
957 58 720
Kontaktperson
Endre Høgalmen
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
952 07 789
Følg firma
670 følger dette firmaet

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 288970532
Sist endret 25. jan. 2023 09:32

Rapporter annonse