Vil du koordinere det overordna arbeidet med statsbudsjettet for Klima- og miljødepartementet?

Arbeidsgiver
Klima- og miljødepartementet
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - statsbudsjettarbeidet
Frist
08.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med KLIMA- OG MILJØDEPARTEMENTET
Kva gjer vi i økonomi- og styringseksjonen?

Seksjonen har ansvar for mellom anna å utarbeide årlege budsjettdokument til Stortinget, samt å leggje fram statsrekneskapen. Seksjonen har systemansvar for styringa av underliggjande etatar. Dette ansvaret omfattar oppfølging av økonomiinstruksar og regelverk, mål-, resultat- og risikostyring, koordinering av arbeidet med strategi- og målformuleringar, samt plan og rapportering for vår eiga verksemd. Seksjonen har og ansvar for internbudsjett, internkontroll og koordinering av dialogen med Riksrevisjonen. Seksjonen gjev også råd og rettleiing til avdelingane i departementet.


Dine arbeidsoppgåver vil vere:

Saman med dine kollegaer har du ei sentral rolle med å koordinere dei store og viktige prosessane for statsbudsjettet, og skal vareta heilskap i departementet sitt budsjett innanfor klima- og miljøområdet. Du skal bidra i departementet sitt innspel til regjeringa sine budsjettkonferansar og utarbeiding av budsjettproposisjonar, i tett samarbeid med departementet sine fagavdelingar.

Oppgåvene vil i stort innebere å koordinere  innspel frå fagavdelingane, kome med endringsframlegg og gje råd og rettleiing med utgangspunkt i reglement og føringar. 

Arbeidet er variert og omfattar behandling og kvalitetssikring av tekst og talmateriale, koordinering, opplæring og rettleiing. 
Stillinga fordrar tett kontakt med Finansdepartementet, administrativ og politisk leiing samt fagavdelingane i departementet. Du må vere førebudd på å stille kompetansen din til disposisjon for andre oppgåver i seksjonen.


Vi søker deg som har følgande bakgrunn:
  • høgare utdanning innan økonomi på masternivå
  • til stillinga er det naudsynt med minst 2 års relevant erfaring frå offentleg forvalting
  • god skriftleg og munnleg formuleringsevne er ein føresetnad
  • erfaring frå arbeid i departement eller direktorat, og kjennskap til statleg budsjettarbeid vil vere ein fordel

For å lukkast i stillinga må du vere:
  • strukturert og analytisk med stor arbeidskapasitet
  • sjølvstendig i arbeidet
  •  god på samarbeid
  •  trivast godt i eit tverrfagleg miljø
  •  gode prioriterings- og gjennomføringsevner
  •  forstå rolla som embetsverk for politisk leiing
  •  vere fleksibel og trivast med ein travel kvardag, som er prega av skiftande oppgåver og leveransar under tidspress

Kvifor skal du jobbe hos oss:
  • Du får jobbe med ei brei og interessant portefølje innanfor klima og miljø. 
  • Du får ein unik moglegheit til å få innsikt og erfaring med politiske prosessar.
  • Vi har eit arbeidsfellesskap med dyktige og engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.
  • Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmoglegheiter. Hos oss tek vi omsyn til behova til kvar einskild medarbeidar i ulike livsfasar.
  • Våre lokale ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter.
  •  Vi har normalt eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1½ time trening i arbeidstida. Vi har fleksible arbeidstidsordningar tilpassa ulike livsfasar, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.

Lønn og tittel:
  • Årslønn for rådgjevar frå kr. 544 400 - 648 700 (lønnstrinn 59 - 69). 
  • Årslønn for seniorrådgjevar frå kr. 604 400- 746 900 (lønnstrinn 65 - 76). 

For særskilt kvalifiserte kandidatar kan vi vurdere høgare lønn.

Det blir kravd som hovudregel 5 års relevant arbeidserfaring for å bli innplassert som seniorrådgivar, jf. departementets personal- og lønnspolitikk.


Vi er opptekne av:

Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng difor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i befolkninga sin samla kompetanse. Det betyr at vi ønsker velkommen søkarar med ulik arbeids- og livserfaring som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere.


Generell informasjon 
  • Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrift (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
  • Utanlandske vitnemål må være NOKUT godkjende. Stadfesting må leggast ved.
  • Dine personopplysningar vil bli oppbevarte i samsvar med GDPR.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bede om å være unnateken søkarlista. Søkar blir underretta om dette på førehand.

For nærare opplysingar om stillinga kontakt avdelingsdirektør Terje Auestad, tlf. nr 22 24 57 51 eller Kristin Evensen Rimstad, tlf. nr 22 24 57 45.

Om arbeidsgiveren

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren, Senter mot marin forsøpling og Svalbards miljøvernfond. Departementet forvaltar også statens eigarskap i Kings Bay AS, Bjørnøen AS og Enova SF. Departementet har om lag 260 tilsette.

Organisasjonsavdelinga varetar stabsfunksjonar for politisk leiing og departementsråd, utviklar og held ved like styringssystem og fastset overordna retningslinjer for ein effektiv og samordna leiing av departementet. Organisasjonsavdelinga består av tre seksjonar, og denne rolla vil inngå i Økonomi- og styringsseksjonen (ØS).

Sektor
Offentlig
Sted
Kongens gate 18-20, 0153 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

budsjett, miljø, økonomi, statsbudsjett, klima

Annonseinformasjon

FINN-kode 288968444
Sist endret 26. jan. 2023 08:46

Rapporter annonse