Førstekonsulent innanfor lønn

Arbeidsgiver
Universitetet i Stavanger
Stillingstittel
Førstekonsulent innanfor lønn
Frist
12.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Stavanger
Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som førstekonsulent innenfor lønn ved Økonomiavdelinga, Seksjon for lønn og reiser. Stillinga er ledig snarast moglet tiltreding.

Blant hovudoppgåvene til seksjonen inngår rettleiing, rådgiving og sakshandsaming innanfor rekneskap- og lønnsområdet. Den som vert tilsett vil inngå i eit team med 11 medarbeidarar som mellom anna varetar registrering i lønns- personalsystemet (SAP) av all fast- og variabel lønn, avstemming og rapportering.


Hovudoppgåver
  • rådgje og sakshandse innanfor lønn og reiser, irekna registrering i lønns- og personalsystemet (SAP)
  • ta hand om ulike oppgåver innanfor lønn og rekneskap i samband med rekneskapsavslutning
  • bruke digitale verktøy i lønnsbehandling
  • avstemming og rapportering

Kvalifikasjonar

Du bør ha:

  • relevant høgare utdanning innanfor økonomi/rekneskap, særskilt lang relevant erfaring kan kompensere for dette
  • erfaring frå arbeid med lønn i offentleg sektor, fortrinnsvis i universitets- og høgskulesektoren
  • god kunnskap om regelverk innanfor lønn og erfaring i bruk av SAP-modulen for lønn
  • noko rekneskapserfaring, irekna bruk av IKT system
  • interesse og evne til å ta i bruk nye digitale system
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk og norsk

Vidare blir det lagt vekt på at du: 

  • er sjølvgåande og tar eigedom til dine arbeidsoppgåver frå A-Å
  • er strukturert og nøye med å overhalda fristar
  • er sjølvstendig og effektiv i din arbeidsform
  • er initiativrik, målretta og nøyaktig
  • har gode samarbeidsevner og liker å dele på kompetanse
  • er fleksibel, service- og løysingsorientert
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr
  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1408, kr 544 400 - 615 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar (https://www.uis.no/nb/ny-ved-uis) på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.


Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til seksjonssjef Alf Strand, tlf: 975 06 922, e-post: alf.strand@uis.no eller til økonomidirektør Eli Løvaas Kolstø, tlf: 51 83 30 42, e-post: eli.l.kolsto@uis.no.

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Christina Storm, tlf: 51 83 17 53 e-post: christina.storm@uis.no.


Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25 (https://lovdata.no/lov/2006-05-19-16/§25). Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette. 

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet - European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar.  Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Sektor
Offentlig
Sted
Ullandhaug, 4036 Stavanger
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Lønn

Annonseinformasjon

FINN-kode 288966651
Sist endret 26. jan. 2023 10:40

Rapporter annonse