Professor i mat og helse

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Professor i mat og helse
Frist
06.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast 100% stilling som professor i mat og helse ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen.


Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Forskings- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområder innan mat og helse, kosthald og mat og måltid.   Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Leie og delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil særleg vere knytt til mat og helse i 5-årig grunnskulelærarutdanning. I tillegg kan det bli aktuelt å undervise i andre studieprogram ved instituttet, som t.d. bachelor folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet og etter- og vidareutdanning.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129)   

Den som blir tilsett må ha ph.d.-grad i relevant fagområde og professorkompetanse som er relevant for faget mat og helse, med særskilt kompetanse innan eitt eller fleire av områda pedagogikk, utdanningsvitskap, profesjonsforsking, fagdidaktikk i mat og helse, matvanar, matkultur, forbruk, berekraft, samfunnsernæring, kosthald og folkehelse.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk og søkjarar som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tiltreding.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå initiering og leiing av forskings- og utviklingsarbeid, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering.
  • Relevant nasjonalt og internasjonalt forskarnettverk.
  • Erfaring frå Ph.d.- rettleiing og rettleiing av kollegaer.
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.

Utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som professor skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv i tråd med kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL.

Sakkunnig vurdering:
Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 7 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst.

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 7 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL (https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/kriterier-for-utdanningsfaglig-basiskompetanse-ved-ansettelse-og-opprykk-i-forsteam-2020.pdf) .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 


Vi tilbyr:

Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling

Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som professor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 - professor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Ingrid Leversen, ingrid.leversen@hvl.no, 55587533/40851895

2) Assisterande instituttleiar, Merete Økland Sortland, mos@hvl.no, 53491428/90955465


Samspel, bærekraft og nyskaping 

Samspel, bærekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no/)

Video: https://youtu.be/z-Py_In-Eyg (https://youtu.be/z-Py_In-Eyg)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.
 
Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er óg ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar. Instituttet gir óg undervisning i fysisk fostring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbod.
 
Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.
 

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk

Annonseinformasjon

FINN-kode 288956115
Sist endret 27. jan. 2023 09:05

Rapporter annonse