Utløpt

Kantinemedarbeidar vikariat

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Kantinemedarbeidar vikariat
Frist
06.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Sund, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med Ca 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Vi er stolt av kompetansen vi har i faga og formidlar fagleg kunnskap som inspirerer elevane til å utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong. Skulen legg vekt på at kvar og ein skal finne seg godt til rette i eit trygt og triveleg skulemiljø. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.

Arbeidsoppgåver

Drift av elevkantina i Skogsvåg.
Bestilling av råvarer.
Tilverking og sal av kantinemat.
Lage skulefrukost.
Service og miljøskaping for elevar.

Arbeid med elevar som har praksis i kantina.

Kasserapportering.

Kvalifikasjonar

Fagbrev som kokk.
Ønskjeleg med erfaring innan liknande arbeid.
God forståing av hygiene.
Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

God relasjonskompetanse i møte med elevar og tilsette.
Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Du er fleksibel og ser moglegheiter.

Vi tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

   

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg
Bransje
Restaurant, mat og uteliv,
Storhusholdning og catering
Stillingsfunksjon
Mat og servering,
Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider,
Mat og servering / Kokk

Nøkkelord

Kantine

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Olav Lee
Stillingstittel
rektor                        
Telefon
93 03 43 70
Kontaktperson
Jon Harald Heldal
Stillingstittel
leiar administrasjon     
Telefon
92 25 59 55
Kontaktperson
Erik Henneli
Stillingstittel
ass. rektor              
Telefon
95 82 60 77
Følg firma
1070 følger dette firmaet

Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 288898045
Sist endret 24. jan. 2023 15:27

Rapporter annonse