Vil du jobbe med biomedisin?

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Avdelingsingeniør ved Institutt for biomedisin
Frist
07.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)


Avdelingsingeniør 

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig eit vikariat 8 månader som avdelingsingeniør.

Laboratorieverksemda omfattar mellom anna metodar innan cellebiologi, molekylærbiologi og biokjemi som nyttast i biomedisinsk forsking.

Stillinga er knytt til prosjekta "New concepts of protein regulation in health and disease" finansiert av Norges Forskningsråd og "Discovery of post-translational N-terminal acetylation" finansiert av ERC.


Arbeidsoppgåver:
  • Cellekulturar
  • Forskjellige standard molekylærbiologiske analysemetodar
  • Protein analysar (Western Blotting, massespektrometri)
  • Forskjellige enzymatiske assays for å måle proteinmodifiseringar
  • Bruk av gjæren Saccharomyces cerevisae

Forefallande laboratoriearbeid vil også vere ein del av oppgåvene.

Stillinga inneber normalt krevjande og spesialiserte teknisk- faglege støttefunksjonar knytt til forsking. Hovudoppgåver for stillingen vil vere planlegging, gjennomføring og analyse av eksperimentelt arbeid innan forskning på protein N-terminal acetylering knytt til prosjekta. Både standard og avanserte metodar innan protein molekylærbiologi trengs for å gjennomføre arbeidsoppgåvene. Det er forventa at stillingen vil støtte andre medlemmer av gruppa for å løyse større problemstillingar knytt til prosjekta

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha:

  • høgare utdanning innen molekylærbiologi eller biomedisin fortrinnsvis på masternivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet.
  • røynsle frå arbeid med humane cellelinjer, Saccharomyces cerevisiae og grunnleggjande molekylærbiologiske metodar, er naudsynt.
  • røynsle med in vitro enzymassays som måler proteinmodifiseringar inkludert isotopmerking  
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i vurderinga. Vi søkjer ein person som:

  • har stor arbeidskapasitet
  • har interesse for forsking
  • har god digital kompetanse og evne til å tilegne seg nye ferdigheiter
  • er ansvarsmedviten, sjølvstendig og kreativ, men samstundes kan arbeide i team

Vi tilbyr:
  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn i stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) er for tida kr 449 900 - 485 800 (lønssteg 47-52) med bachelorgrad, og kr 478 300 - 493 700 (lønssteg 51-53) med mastergrad. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Thomas Arnesen, thomas.arnesen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 91, 5021 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / occupation_engineer_bioengineering,
Ingeniør / Kjemiingeniør

Annonseinformasjon

FINN-kode 288879686
Sist endret 24. jan. 2023 13:10

Rapporter annonse