100% stillingar som pedagogisk leiar - rekrutteringstilskot kr 100 000

Arbeidsgiver
Aurland kommune
Stillingstittel
100% stillingar som pedagogisk leiar - rekrutteringstilskot kr 100 000
Frist
15.03.2023
Ansettelsesform
Fast

Me har ledig

Tre faste 100% stillingar som pedagogisk leiar frå 01.08.2023, i Flåm barnehage og Aurland barnehage.

Flåm barnehage ligg fint til, mellom flotte fjell inst i Aurlandsfjorden, på Lunden i Flåm. Her har me gode moglegheiter til å bruke naturen kring oss. Der er to avdelingar med 9 tilsette og 27 barn.

Aurland barnehage sto ferdigstilt i mars i fjor, og er ein funksjonell og moderne barnehage. Aurland barnehage ligg fint til i vakre Aurland med nærleik til skule, bibliotek, fleirbrukshall og fine turområde. Der er fire avdelingar med 16 tilsette og 46 barn. Begge barnehagane har nyleg gjennomgått ei medarbeidarundersøking der barnehagane fekk veldig gode resultat. Aurland kommune er i eit heilskapleg omstillingsprosjekt, der organisasjonsutvikling er sentralt.

 

Arbeidsoppgåver

Pedagogisk leiar er ein del av leiinga i barnehagen og rapporterer til tenesteleiar.

 I tillegg til;

- å vere nærmaste leiar for dei andre tilsette på avdelinga

- ha ansvar for dagleg drift

- å planlegge aktivitetar på avdelinga i tråd med lover, forskrifter, rammeplan og årsplan

- medansvar for endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen.

 

Me tilbyr

- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.

- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.

- gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen.

- hjelp til å skaffe bustad. Det er per i dag ledige, nye og fine, kommunale bustadar

- hjelp til å skaffe barnehageplass

- hjelp til å skaffe arbeid til partnar ved flytting til Aurland

- høve til fagleg utvikling

 Sjå også gjerne informasjonsbrosjyra til Aurland kommune ved å lime inn web-lenka i søkefeltet:

https://www.visbrosjyre.no/Aurland_kommune/WebView/

 

Rekrutteringstilltak

Aurland kommune skal stimulere til rekruttering av barnehagelærarar ved å yte rekrutteringstilskot.

Tilskotet er på brutto kr. 50 000,- per år i 2 år frå tilsettingsdatoen. Rekrutteringstilskotet vert ytt som ein eingongssum på kr. 100 000,- i etterkant av dei 2 første åra som tilsett. Rekrutteringstilskotet er tidsavgrensa i perioden 2022-2026 og gjeld for stillingar der det blir stilt krav om minimum bachelorgrad som barnehagelærar.

 

Kvalifikasjonar

- godkjent førskulelærar / barnehagelærarutdanning.

- anna pedagogisk utdanning med småbarnspedagogikk, etter kompetansekrava i barnehageloven, kan vurderast.

 

Personlege eigenskapar

Det er ynskjeleg at du;

- kan arbeide sjølvstendig

- er løysingsorientert

- bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø

- er fleksibel og endringsvillig

- har evne til å rettleie

 

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Ved tilsetjing vert det kravd politiattest av nyare dato.

 

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 57 63 29 00.

Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Krav til språkkunnskapar

Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk

som målform. Gode engelskkunnskapar tel positivt.

 

Om arbeidsgiveren

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og
Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit
mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene
Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar
spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng,
musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få
opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for
fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for
det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen,
Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god
mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Vangen 1, 5745 Aurland
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer,
Barnehage / Pedagogisk leder
Arbeidsspråk
Norsk
Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Christensen
Stillingstittel
Tenesteleiar Flåm barnehage
Telefon
915 63 796
Mobil
915 63 796
Kontaktperson
Elisabeth Øynebråten Bekkedal
Stillingstittel
tenesteleiar Aurland barnehage
Mobil
975 03 287
Følg firma
10 følger dette firmaet

Vangen 1, 5745 Aurland

Annonseinformasjon

FINN-kode 288877956
Sist endret 24. jan. 2023 14:10

Rapporter annonse

,
,
,