Interessert i fast 100 % sjukepleier stilling i akuttmottak / overvaking? Sjå her!

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Interessert i fast sjukepleier stilling? Sjå her!
Frist
05.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Fonna HF

Brenner du for faget og ynskjer å kombinere jobben med mulighet for aktiv fritid - då er dette jobben for deg!

Helse Fonna, Odda sjukehus satsar og vil no få på plass sjukepleiarar for å heve kvalitet, kompetanse og god pasientsikkerhet.

Akuttmottak og overvåking har trong for 4 faste sjukepleierar i 100 % stilling.

Akuttmottak og overvåking på Odda sjukehus har allsidige akuttmedisinske funksjonar som dekker hovedspesialitetene indremedisin og kirurgi. Me yter årleg omlag 50 traumebehandlinger med team og omlag 70 med medisinsk team, herunder trombolyse, AHLR og sjuke barn for stabilisering.

Etter mottak får du som sjukepleiar følge pasientane vidare tett opp på overvåking.

Som medarbeidar deltar du i systematisk opplæring i eit bredt spekter innan akuttmedisinsk behandling, med gode og trygge tverrfaglege rammer. Me er opptatt av å spele kvarandre gode, utvikla oss og jobbe saman for pasienten sitt beste.

Kan me freista deg med ein arbeidsplass med stor variasjon av arbeidsoppgåver, gode arbeidskollegaer og godt arbeidsmiljø. I tillegg til fantastiske friluftsmuligheter i distriktet!

Søk hjå oss! 

 

Me har ledig:

4 x 100 % fast stilling

2 x 100 % stilling vikariat

Arbeidsoppgåver

  • Mottak, behandling og pleie av akutt/kritisk sjuke pasientar
  • Oppfølging av pasientar i eit tverrfagleg behandlingsteam
  • Utredning og kartlegging, samt diagnostiske vurderingar
  • Dokumentasjon 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleier/spesialsjukepleier
  • Klinisk erfaring frå sjukehus og overvaking er ynskjeleg, men ikkje eit krav
  • Erfaring frå akuttmottak og legevaktsarbeid er ynskjeleg og vil bli vektlagt i ansettelsen 

Personlege eigenskapar

  • Kan jobbe sjølvstendig og i eit tverrfaglig team
  • God kommunikasjon med kollegaer og pasientar
  • Like å jobba i eit arbeidsmiljø med eit høgt tempo
  • Takle stress
  • Være fleksibel
  • Være endringsvillig 

Vi tilbyr

  • Vi kan tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit spennende og aktivt fagmiljø
  • Vi har opplæringsprogram og plan for kompetanseutvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring, tjeneste,- og reiseforsikring.
  • Hjelp med bustad. Oppgi i søknaden om dette ynskjeleg.
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.



Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.




For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.



 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Nøkkelord

Sykepleier;, odda;, akuttmottak;, overvåkning;, intensiv

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Marie Tjelmeland
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
53 65 11 20
Følg firma
135 følger dette firmaet

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 288862855
Sist endret 24. jan. 2023 10:57

Rapporter annonse