Er du vår nye bioinformatiker?

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Senioringeniør bioinformatikk ved Klinisk institutt 2
Frist
19.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)


Senioringeniør 

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som senioringeniør (100%; bioinformatikar). Stillinga er tilknytta UiB Genomikk-kjernefasiliteten (GCF) som er lokalisert i 6. etasje i Laboratoriebygget ved Haukeland Universitetssjukehus. GCF tilbyr tenester for global genekspresjonsanalyse og genomisk DNA-sekvensering ved hjelp av Next Generation Sequencing (NGS)-teknologi.


Arbeidsoppgåver:
  • Utføre bioinformatiske tenester for GCF brukarar, slik som planlegging av eksperimentell design og analyse av NGS-data (korte og lange leselengder) frå eksom-sekvensering, helgenom-sekvensering, RNA-sekvensering, single cell-sekvensering og 16S-metagenom-sekvensering. 
  • Vedlikehald og utvikling av system for datalagring og behandling (loggføring, rapportering, deling, overføring og sletting av NGS-data.
  • Utvikle, oppdatere og teste ulike analyseverktøy og bioinformatiske pipelines.
  • Opplæring og halde foredrag (t.d. forelese på kurs og workshops).

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha mastergrad innanfor bioinformatikk eller eit liknande fagområde.
  • Må ha god kunnskap om og brei erfaring med ulike programmeringsspråk (t.d. Python, R, shell/awk, scripting) og teknologiar (t.d. git og docker).
  • Må ha god kunnskap om bioinformatiske verktøy og pipelines for handtering og analyse av NGS-data (t.d. GATK, FastQC, BWA, SAM-tools, HiSat, STAR, Cellranger, Annovar, VEP og R/Python-pakkar for analyse og visualisering av NGS-data).
  • Må kunne handtere Linux-baserte operativsystem.
  • Må ha praktisk erfaring med analyse av eksomdata, helgenomdata og/eller RNA-seq-data.
  • Det er ynskeleg med kunnskap om Nextflow, snakemake og singularity.
  • Det er ein føremon med erfaring med bruk av relevante databasar (t.d. NCBI, ENSEMBL, DDBJ, ClinVar) og/eller DRAGEN Bio-IT plattform.
  • Må kunne kommunisere flytande munnleg og skriftleg på engelsk. Kunnskap i norsk eller andre skandinaviske språk er eit føremon.

Vi søkjer ein person som

  • Er imøtekomande, vennleg og ansvarsbevisst og som er høgt motivert for å utføre bioinformatiske tenester for GCF sine brukarar.
  • Likar å arbeide på ein disiplinert, organisert og veldokumentert måte.
  • Er flink til å kommunisere og samarbeide, og kan jobbe både sjølvstendig og i team.
  • Har god digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi tilbyr:
  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn i stilling som senioringeniør (kode 1181) er for tida kr 553 500 - 604 400 (lønssteg 60-65). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

For meir informasjon om stillinga kan man kontakte: Professor Vidar M. Steen, Klinisk institutt 2. Telefon: 55975327. E-post: vidar.martin.steen@helse-bergen.no

To get the advertisement in English, please contact Core Facility Manager, Rita Holdhus (Rita.Holdhus@uib.no).

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 91, 5021 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / occupation_engineer_bioengineering,
Ingeniør / Kjemiingeniør

Annonseinformasjon

FINN-kode 288862002
Sist endret 27. jan. 2023 12:30

Rapporter annonse