Industrirøyrleggarar til spennande verftsindustri
- Arbeidsgiver
- Brødrene Aa
- Stillingstittel
- Industrirøyrleggar
- Frist
- 13.02.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Brødrene Aa skal tilsette fleire industrirøyrleggarar. Vår verdikjede inneheld alle aktivitetar frå sal til ettermarknadstenester - inkludert produktutvikling og design, engineering, og produksjon av komplette fartøy. Vår suksess kan linkast til høg grad av omstillingsevne og for å levere i tråd med kundens ønske og forventning.
Vi ser etter deg som er nøyaktig og strukturert. Du har fortrinnsvis teknisk utdanning, t.d. fagbrev/sveinebrev i industrirøyrleggarfaget, men relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. For oss er det eit pluss om du er ein kandidat med god forståing for bruk av teknologi, du har noko innsikt i klasse og myndigheitskrav innan faget du representerar, er nysgjerrig på å utvikle kompetanse og har kvalitet i din leveranse. Ansvar og forventningar til stillinga kan tilpassast din bakgrunn og erfaring, og vi ønsker både nyutdanna og erfarne industrirøyrleggarar i teamet vårt.
Du vil samarbeide med våre tilsette, som er dedikerte fagmenneske og har spisskompetanse innan sine områder. Saman vil de i stor grad bidra i små og store kvardagsinnovasjonar av produktet.
Eit utval av arbeidsoppgåver
Montering av ulike røyrsystem. Hydraulikk, VVS m.fl.
Instrumentering
Generelt mekanisk monteringsarbeid
Du bør beherske flytande norsk og/eller engelsk munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
Spennande arbeidsoppgåver
Kompetanseutvikling
Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
Arbeidsstad
Hyen
Kandidatar vil bli vurdert fortløpande.
Vi høyrer også gjerne frå deg som ikkje er på jobbsøk, men ynskjer ein uforpliktande prat om Brødrene Aa og moglegheitene hos oss.
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Hyevegen, 6829 Hyen
- Bransje
- Industri og produksjon,
- Maritim og offshore,
- VVS
- Stillingsfunksjon
- Håndverker / Rørlegger,
- Produksjon
- Arbeidsspråk
- Norsk,
- Engelsk
Nøkkelord
rørlegger, verft




Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Synne Oppheim
- Mobil
- 913 44 720