Har du interesse for patalogi? Se her!
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Overingeniør ved Klinisk institutt 1
- Frist
- 12.02.2023
- Ansettelsesform
- Vikariat
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)
Overingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 er det ledig ei mellombels stilling (100%) som overingeniør for ein periode på 22 månader. Stillinga er finansiert av Kreftforeningen via prosjektet Early molecular events in pancreatic cancer - The interplay of cellular stress and KRAS mutations . Overingeniøren vil arbeide ved Gades laboratorium for patologi, Klinisk institutt 1 som har areal i Sentralblokken, Haukeland universitetssjukehus.
Vi søkjer etter ein dedikert person som skal arbeide hovudsakeleg med dyremodellar for human sjukdom, men og med molekylære og cellulære teknikkar, i ei forskingsgruppe som studerer patologiske mekanismar i bukspyttkjertelen. Overingeniøren vil jobbe saman med forskarar, PhDstudentar og masterstudentar i eit tverrfagleg og aktivt miljø
Arbeidsoppgåver:
- Handsaming av forsøksdyr (mus), både rutineprosedyrar og særskilte eksperiment
- Genotyping av forsøksdyr og humane DNA-prøver
- Utføre molekylære analyser som t.d. sanntids-PCR
- Dyrke og transfektere celler i kultur
- Utføre proteinanalysar som t.d. Westernblot
- Mikroskopering av celler og vev
- Organisere biobankmateriale og reagensar i laboratoriet
- Dokumentasjon av alle gjennomførte prosedyrar og utfall, og tolking av desse saman med andre i forskingsgruppa
- Gje generell teknisk støtte i forskingsgruppa for god gjennomføring av forskingsaktivitetar og vedlikehald av fasilitetar/utstyr
- Gje støtte og trening til akademiske/tekniske medarbeidarar og studentar i dyreforsøk og spesifikke eksperimentelle teknikkar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha mastergrad innanfor molekylærbiologi, cellebiologi, biomedisin eller tilsvarande fag.
- Stor røynsle i handtering av forsøksdyr (mus)
- Røynsle i teknikkar for å isolere og studere nukleinsyrer og protein
- Røynsle i celledyrking og analysering av celler
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, samt flytande engelsk, skriftleg og munnleg, på eit teknisk/vitskapeleg nivå
- Søkjarar kan ikkje ha allergi mot kjemikal som vert handsama med vanlege sikringstiltak.
- Dersom den som vert tilsett, ikkje frå før har kurs i forsøksdyrlære (kategori C etter dei norske myndigheitene sine krav), vil ein bli pålagt å gå gjennom slik opplæring, samt eventuelle andre relevante kurs.
Føremon med:
- Røynsle i studiar av sjukdom i bukspyttkjertelen og/eller diabetesforsking
- Røynsle i molekylærgenetiske analysar i samband med human sjukdom
- Røynsle i handsaming av blodprøvar og anna biologisk materiale
- Noko røynsle i bioinformatiske metodar
Vi søkjer ein person som:
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kan jobbe sjølvstendig og er god på problemløysing
- Er nøye og har fokus på detaljar
- Er villig til å ta ansvar for prosessar og følgje dei til dei er fullførde
- Syner initiativ og har god arbeidskapasitet
- Er villig til å gjere seg kjend med nye emne og område
- Er god på å arbeide strategisk, strukturert og med sikte på fristar
- Er fleksibel og innstilt på å hjelpe
- Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø
- Løn i stilling som overingeniør (kode 1087) er fortida kr. 493 700 - 526 100 (lønssteg 53-57). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Anders Molven, Klinisk institutt 1 per e-post anders.molven@uib.no eller telefon 55973169
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
- Bransje
- Forskning, utdanning og vitenskap,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør,
- Ingeniør / occupation_engineer_bioengineering,
- Ingeniør / Kjemiingeniør