2 vikariat som barnevernkonsulent

Arbeidsgiver
Voss herad Barneverntenesta
Stillingstittel
Vil du jobba i Voss barnevernteneste?
Frist
06.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Det er ledig to 100 % mellombels stillingar, som barnevernkonsulent ved Voss barnevernteneste.

Varigheit på vikariata:

2 stillingar så snart som råd til 31.12.2023,

 

Om arbeidsstaden

Me som arbeider i barneverntenesta har sett som mål at me skal arbeide saman med barn og unge ved å visa:

  • Openheit,-ved å vera ærlege og gje informasjon.
  • Kjærleik,-ved å bry oss og vise menneskevarme.
  • Me har også som mål å vere audmjuk, ved å tru på barn, vere lyttande og engasjerte.
  • Me vil praktisere medbestemming, ved å ta barn og unge med på avgjersler og be dei om tilbakemelding.
  • Me vil ivareta foreldre gjennom involvering, innverknad og samarbeid til det beste for familien.

Barneverntenesta er pr. i dag organisert i 2 team: 1. undersøking/tiltak og 2. omsorg

Stillingane kan vera aktuell på begge teama.

Barneverntenesta med familiesenteret er samlokalisert med andre helse- og sosiale tenester i det nye bygget Knutepunktet. Barneverntenesta er organisert under barne- og familietenestene i etat for oppvekst. Tenesta er aktivt i gang med arbeid i forhold til ny barnevern- og oppvekstreform.

Arbeidsoppgåver som barnevernkonsulent:

Stillinga inneber sakshandsaming etter lov om Barneverntenester. Ansvarleg saksbehandlar må møte som heradet sin partsrepresentant i fylkesnemnda og rettsapparatet.

Andre oppgåver må og påreknast:

Tilsynsarbeid, nettverksarbeid inn mot familiar og ungdom, bidra i ulike nettverk og i tverretatlig samarbeid på tvers av andre etatar, skule- og barnehage. Ved tilsetjing i omsorgsteamet må ein pårekna ein del reising ut av heradet for oppfølging av barn utanfor heimen.

Sidan barnevernet er under stadig utvikling må ein og vera budd på endring av oppgåver.

Me søkjer

Fagleg kompetanse:

  • Minimum 3 årig sosial- eller barnevernfagleg høgskuleutdanning som barnevernpedagog eller sosionom.
  • Gjerne relevant vidareutdanning.
  • Dersom me ikkje får søkjerar med overnevnte utdanning kan det være aktuelt å tilsetje andre faggrupper med relevant høgskuleutdanning (samfunnsvitskap, pedagogikk, psykologi), spesielt om ein har erfaring frå barnevernfeltet frå tidlegare. 

Menn vert oppmoda til å søkja

Me ynskjer søkjarar med:

  • Erfaring frå arbeid i kommunal barnevernteneste
  • Kjennskap til fagprogrammet  "Familia"
  • God skriftleg framstillingsevne. Voss herad har nynorsk som offisielt styringsmål og alle tilsette i kommunale tenester pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
  • Søkjar må snakke og skrive flytande norsk
  • God relasjonskompetanse- og erfaring
  • Gode samarbeidsevner og evne til å vere sjølvstendig   

Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.

Me tilbyr

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Søknad

Søk på stillinga ved å klikke på knappen oppe til høgre. 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Om arbeidsgiveren

Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er
senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i kommunen.

Verdiane våre: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Regimentsvegen 158, 5701 Voss
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog

Nøkkelord

Barnevernspedagog, Barnevern, Sosionom, Pedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eyvind Eidhammer
Telefon
926 85 121
Kontaktperson
Gunnbjørg Reed
Telefon
992 19 283
Kontaktperson
Kitty Prestegård
Telefon
480 14 559
Følg firma
134 følger dette firmaet

Regimentsvegen 158, 5701 Voss

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 288853433
Sist endret 24. jan. 2023 09:31

Rapporter annonse