Utløpt

Er du ein jurist med interesse for politikk og samfunn?

Arbeidsgiver
Kultur- og likestillingsdepartementet
Stillingstittel
Rådgjevar (jurist)
Frist
14.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet
Om stillinga

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ledig eit ettårig vikariat som rådgjevar (jurist) i avdeling for medier og kunst. Vi søjker etter ein jurist som primært skal jobbe med medie- og pengespelpolitikk, men det vil også vere aktuelt med andre oppgåver.

KUD er eit relativt lite departementet prega av høg offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli ein del av eit vitalt og tverrfagleg fagmiljø med mange engasjerte og kompetente medarbeidarar.


Arbeidsoppgåver

Medie- og pengespelpolitikken er fagområde som er sterkt prega av teknologiske og marknadsmessige endringar. Rettsutviklinga på desse områda blir styrt av internasjonal rett, særleg EØS-rett. Du vil til dømes kunne få oppgåver knytte til forståinga av EØS-avtalen sine reglar om dei fire fridommane og offentleg støtte, gjennomføring av EØS-relevante rettsakter i norsk rett, oppfølging av EUs arbeid med å etablere eit rettsleg rammeverk for globale teknologiplattformer og sikring av sjølvstendet til medium i EØS. På mediefeltet går det føre seg omfattande nasjonalt lov- og forskriftsarbeid som du kan bli involvert i. I tillegg kan det bli aktuelt å involvere deg i seksjonen si eigarstyring av NRK og Norsk Tipping, behandling av pressesaker og generell rådgjeving for den politiske leiinga. Avdelinga har også ansvar for all direkte mediestøtte. Dette inneber at du til dømes kan få oppgåver knytte til utvikling av regelverket for tilskotsordningar.


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Du må ha

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • god skriftlig og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Du treng ikkje ha forkunnskapar om medie- eller pengespelpolitikk. Det er ein fordel om du har noko relevant yrkeserfaring men også nyutdanna kan søkje.

Vi ser etter deg som har

  • evne til å jobbe sjølvstendig
  • gjennomføringsevne
  • gode samarbeidsevner
  • analytiske evner

Vi tilbyr

Kultur - og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing har du høve til å halde deg fagleg oppdatert.

Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.

Innplassering som rådgjevar med lønn frå kr 500 000 til kr 620 000 brutto per år. 


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv for at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en og personar med innvandrarbakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du fell inn under ein av kategoriane. Vi vil kalle inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Les meir om krava på arbeidsgjevarportalen. (http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling) 

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du ha meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Christensen på telefon 907 95 192.


Om avdelinga og seksjonen

Medie- og kunstavdelinga har ansvar for utvikling av den nasjonale politikken innanfor felta ytringsfridom, medium, pengespel, stiftingar, opphavsrett, kulturell og kreativ næring, film, dataspel, musikk, scenekunst og kunstnarpolitikk. Avdelinga forvaltar lover og regelverk innanfor dei nemnde felta, og løyvingar og tilskot til statlege og ikkje-statlege organ og institusjonar på området. Avdelinga er samansett av tre seksjonar.

Stillinga er plassert i seksjonen MK1.


Om arbeidsgiveren

Kulturdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, likestilling og diskriminering.

Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Sektor
Offentlig
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Rådgivning,
Saksbehandler
Følg firma
1387 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 288851340
Sist endret 24. jan. 2023 09:06

Rapporter annonse