Utløpt

Vi søkjer ein erfaren jurist med kompetanse innan mediepolitikk og EØS-rett

Arbeidsgiver
Kultur- og likestillingsdepartementet
Stillingstittel
Fagdirektør
Frist
14.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet
Om stillinga

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ledig ei nyoppretta fast stilling som fagdirektør i avdeling for medier og kunst. Vi søkjer ein erfaren jurist som primært skal jobbe med mediepolitikk, men som òg må pårekne å jobbe med andre fagområde i avdelinga og departementet ved behov.

KUD er eit relativt lite departement prega av høg offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli ein del av eit vitalt og tverrfagleg fagmiljø med mange engasjerte og kompetente medarbeidarar.


Arbeidsoppgåver

Som fagdirektør vil det bli forventa at du tar eit sjølvstendig ansvar for å bidra til utviklinga av mediepolitikken. Media speler ei nøkkelrolle både for at befolkninga skal ha tilgang til informasjon, og for kvaliteten på den offentlege samtalen. Det gjer at dette politikkfeltet har stor betydning for samfunnet.  Samtidig er mediefeltet sterkt prega av teknologiske og marknadsmessige endringar, og dessutan av rettsutviklinga i EØS.

Du vil få ansvar for å rettleie og kvalitetssikre arbeidet til andre medarbeidarar og må rekne med å leie prosessar og prosjekt innan ansvarsområda til seksjonen og avdelinga. Fagdirektøren vil fungere for avdelingsdirektøren når avdelingsdirektøren er fråverande.


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Du må ha:

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • minst 10 års relevant yrkeserfaring frå offentleg forvaltning, noko av dette må vere departementserfaring
  • kompetanse innan eitt eller fleire EØS-rettslege tema med relevans for mediepolitikken (statsstøtte, medierett, konkurranserett etc.)
  • erfaring frå prosjektleiing og fagleg rettleiing erfaring frå regelverksutforming/lovarbeid 
  • kunnskapar om norsk mediepolitikk

Personlege eigenskapar:

  • Du jobbar sjølvstendig og har sterk gjennomføringsevne.
  • Du viser gode samarbeidsevner og trivst i ei rolle med rettleiings- og koordineringsansvar.
  • Du har evne til å arbeide strategisk og analytisk, med eit godt blikk for heilskapen.
  • Du har høg integritet.
  • Du er opptatt av utviklings- og forbetringsarbeid.

Vi tilbyr

Kultur - og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing har du høve til å halde deg fagleg oppdatert.

Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.

Innplassering som fagdirektør frå kr 750 000 til kr 910 000 brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere
aktuelt.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv for at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en og personar med innvandrarbakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du fell inn under ein av kategoriane. Vi vil kalle inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Les meir om krava på arbeidsgjevarportalen. (http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling) 

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du ha meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Christensen,på telefon 907 95 192.


Om avdelinga og seksjonen

Medie- og kunstavdelinga har ansvar for utvikling av den nasjonale politikken innanfor felta ytringsfridom, medium, pengespel, stiftingar, opphavsrett, kulturell og kreativ næring, film, dataspel, musikk, scenekunst og kunstnarpolitikk. Avdelinga forvaltar lover og regelverk innanfor dei nemnde felta, og løyvingar og tilskot til statlege og ikkje-statlege organ og institusjonar på området. Avdelinga er samansett av tre seksjonar.

Stillinga er plassert i seksjonen MK1.

Om arbeidsgiveren

Kulturdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, likestilling og diskriminering.

Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Sektor
Offentlig
Sted
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Saksbehandler
Følg firma
1387 følger dette firmaet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 288850376
Sist endret 30. jan. 2023 12:51

Rapporter annonse