Utløpt

Driftstekniker/Driftsteknikar (med fagbrev)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Driftsteknikar (med fagbrev)
Frist
30.01.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)


Driftsteknikar (med fagbrev)

Universitetet i Bergen er med sine 18 000 studentar og vel 4000 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekkjer dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.

Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit driftsbudsjett på omlag 536 mill. og eit investeringsbudsjett på omlag 377 mill. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Den samla bygningsmassen er inndelt i 4 driftsområde - tre er lokalisert på Nygårdshøyden og eitt er lokalisert på Årstad/Haukelandsområdet. Driftsområda vert leia av ein eigedomsforvaltar som rapporterer til Seksjonssjef Drift. Ved kvart driftsområde er det vedlikehaldsleiar og driftsleiar som rapporterer til eigedomsforvaltar. Driftsområda har dessutan driftsteknikarar med fagbrev og driftsoperatørar som arbeider på dagtid

Driftsteknikar (med fagbrev)
Ved Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen er det no ei ledig 100 % stilling som driftsteknikar. Vi søkjer deg som er initiativrik, strukturert og har stor interesse for tekniske anlegg. Du må handtere mange oppgåver samtidig og i samsvar med våre verdiar som er samhandling, respekt, redelighet og åpenhet .

Stillinga er i dag plasserte i driftsområde 4. Driftsområdet har mellom anna ansvaret for deler av UiB sine laboratorie bygg med omfattande og komplekse tekniske anlegg for m.a. laboratorium, operasjonssalar og undervisning. Bygga har strenge krav til inneklima som skal tilpassast opplæringsareal, publikumsareal, spesialverkstader, forsamlingsareal, kafédrift, museumsgjenstander, laboratorium mm.


Arbeidsoppgåver:

Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver, og krev derfor at du kan handtere problemstillingar innanfor fleire felt. Vi ser etter personar som har erfaring med større bygg og tekniske anlegg.

BIM og andre digitale verktøy vert stadig viktigare for byggdrift, og byggdriftarar hos UIB må ha gode IT-kunnskapar og evne til å ta i bruk ny programvare.

Stillinga rapporterer til drifts- og vedlikehaldsleiar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant fagarbeidarutdanning (fagbrev), fortrinnsvis innan faga: ventilasjon, rør, kjøling, elektro, byggdrift eller mekanikk. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning, slik at fagbrev som Byggdriftar kan oppnåast.
  • Relevant erfaring med tekniske anlegg og bygg. Erfaring med større tekniske anlegg med varmepumper, kjølemaskiner, ventilasjonsanlegg, klimatiserte rom, sentral driftskontroll o.l. vil bli lagt særskilt vekt på.
  • Grunnleggjande kjennskap til IT-verktøy
  • Førarkort kl. B
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, eks. Bergenstesten nivå C1: https://www.folkeuniversitetet.no/Artikler/Spraaktester/Nivaatest

Vi ser det som ein føremon at søkjar har:

  • Erfaring med brannalarmanlegg, adgangskontroll m.m.
  • Kjennskap til/innsikt i fleire relevante fagområde
  • Erfaring i drift av større moderne bygg
  • Erfaring med ENØK-arbeid og optimalisering av drift av tekniske anlegg


Personlege eigeskapar:

  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima
  • Vere kvalitetsbevisst og ha yrkesstoltheit
  • Initiativrik og kreativ med interesse for utvikling
  • Evne til å arbeide nøyaktig og ryddig
  • Kunne handtere fleire utfordringar samtidig
  • Evne til å arbeide effektivt både sjølvstendig og saman med andre
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr:
  • Eit fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter stillingskode som driftsteknikar (kode 1136) i løn frå kr 500 000 - 540 000 etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • Opplæring og anledning til vidareutdanning og utvikling
  • Velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Eigedomsforvaltar: Arvid Arnesen, tlf: 91562209.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Håndverker / Elektriker,
Teknisk personell,
Håndverker / Ventilasjonstekniker
Følg firma
1203 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 288838492
Sist endret 24. jan. 2023 00:00

Rapporter annonse