Lege i spesialisering i fordøyelsessjukdommar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Lege i spesialisering, fordøyelsessjukdommar
Frist
12.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Ønsker du å bli spesialist i fordøyelsessjukdommer? 
 
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig stilling for lege i spesialisering/ LIS3 i fordøyelsessjukdommar med tilsetting juni 2023. Vi prioriterer søkarar med interesse for utdanning til spesialiteten fordøyelsessjukdommar, men som ein del av medisinsk klinikk tilbyr vi og ei komplett utdanning som dekker heile løpet og alle læringsmål i indremedisin og fordøyelsessjukdommar. For søkarar med mindre klinisk erfaring vil tenesta i starten fokusere på LIS2 mål for indremedisin, for erfarne søkarar vil tenesta vere retta mot LIS3 læringsmåla i fordøyelsessjukdommar. Tenesta, inkludert behov for sideutdanning vil gå føre seg ved rotasjon mellom aktuelle avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
 
Seksjon for fordøyelsessjukdommar er ein av 5 seksjonar i medisinsk klinikk og har 12 overlegar, 4 professorar i bistilling og 6 legar i spesialisering. Seksjonen diagnostiserer og behandlar pasientar med fordøyelsessjukdommar og har ansvar for sengepost med 16 senger, endoskopieining og poliklinikk. Seksjonen har spesialisert vaktteneste med endoskopiberedskap. Arbeidsoppgåvene er varierte og inkluderer arbeid på sengepost, poliklinikk, endoskopiske prosedyrar, ultrasonografi og generell indremedisinsk vaktteneste ei 12-sjikta generell døgnvakt knytta til medisinsk akuttmottak og medisinske sengeposter. Mot slutten av tenesta tilbyr vi konstituering i seksjonert bakvakt.
 
Saman med Universitetet i Bergen har seksjonen ei omfattande forskingsverksemd. Det oppfordrast til å delta i forsking og fagleg utviklingsarbeid. Stillinga kan òg innebere undervisning av medisinstudentar. 

Arbeidsoppgåver

  • Delta i seksjonen sine ulike aktivitetar
  • Delta i medisinsk forvaktsordning, som for tida er 12-delt
  • Delta i undervisning i Medisinsk klinikk og seksjon for fordøyelsessjukdommar. Kliniske undervisning for studentar kan også inngå i oppgåvene

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3-stilling i indremedisin
  • Ved rangering blir det lagt vekt på gjenståande tid til spesialitet, opparbeida kompetanse og referansar/personlege eigenskapar
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a
  • Norsk autorisasjon som lege

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter lege med interesse for indremedisin og fordøyelsessjukdommar
  • Bør ha stor arbeidskapasitet og gode evner til pasientretta arbeid
  • Bør vere godt motivert, fleksibel og ha gode samarbeidsevne og beherske norsk språk godt munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Stimulerande og aktivt arbeidsmiljø i ei avdeling med høg fagkompetanse og sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking
  • Lønn iht gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / LIS,
Lege

Nøkkelord

Lege, i, spesialisering,, fordøyelsessjukdommar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trond Engjom
Stillingstittel
Seksjonsoverlege, Seksjon for fordøyelsessjukdommar
Følg firma
1836 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 288779132
Sist endret 1. feb. 2023 11:09

Rapporter annonse