Seksjonsoverlege ved Seksjon for nyresjukdommar, Medisinsk klinikk

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Seksjonsoverlege
Frist
19.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Medisinsk klinikk søker seksjonsoverlege ved Seksjon for nyresjukdommar.

Medisinsk klinikk har om lag 600 tilsette og har seksjonar for nyresjukdommar, infeksjonssjukdommar, blodsjukdommar, fordøyelsessjukdommar og hormonsjukdommar. Klinikken har og seksjonar for klinisk ernæring, sosionomtenester og kontortenester.

Seksjon for nyresjukdommar dekker alle felt innan spesialiteten med unntak av transplantasjon. Seksjonen har stor dialyseavdeling med satellittar i kommunane Øygarden og Alver, med om lag 90 pasientar i hemodialyse og 20 i peritoneal dialyse. Heimedialysebehandling (heimehemodialyse og peritonealdialyse) er eit satsingsområde. Sengeposten har 12 nefrologiske senger, og behandlar både pasientar med nyresjukdom og generelle indremedisinske pasientar. Seksjonen har stor aktivitet i Medisinsk poliklinikk og dageining.

Legane tar eigne nyrebiopsiar, og har god ultralydkompetanse. Norsk nyrebiopsiregister er knytt til seksjonen, med overlege i 30% stilling og sekretær i 80% stilling. Seksjonen har 12 overlegar i heile og delte stillingar, 4-5 LIS i det indremedisinske fagfeltet og 1-2 LIS1. Seksjonert bakvakt er for tida 8-delt.

Det er stor utdanningsaktivitet for medarbeidarane. Seksjonen har stor forskingsaktivitet med Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen som største samarbeidspartnar. Det er knytt 1 professor og 1 førsteamanuensis til seksjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsoverlegen skal leie seksjon for nyresjukdommar og rapporterer til klinikkdirektør. Seksjonsoverlegen er ein del av klinikkleiinga
  • Seksjonsoverlegen har medisinsk fagansvar, personalansvar for legane på seksjonen, samt økonomiansvar saman med andre einingsleiarar innan sitt felt i avdelinga
  • Seksjonsoverlegen skal syte for utvikling av fagfeltet med omsyn til både teoretisk kunnskap, klinisk  praksis og forsking, og skal samhandle om og leie utdanning av spesialistar, andre medarbeidarar og studentar
  • Seksjonen skal utvikle Seksjon for nyresjukdommar sine akuttmedisinske tilbod i Medisinsk overvakingseining, leia av seksjonsoverlegen
  • Seksjonsoverlegen skal legge til rette for godt samarbeid med alle yrkesgrupper, med andre seksjonar, avdelingar og med kollegaer i avdelingsleiinga
  • Seksjonsoverlegen kan ta del i seksjonens vaktteneste etter avtale med overordna leiar

Kvalifikasjonar

  • Klinikken søker etter spesialist i indremedisin og nyresjukdommar
  • Fagleg kompetanse, klinisk erfaring, leiarkompetanse og leiareigenskapar blir vektlagt
  • Akademisk kompetanse og aktivitet blir vektlagt
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter lege med gode leiareigenskapar som leiar sine medarbeidarar gjennom fagfokus, motivering og med tverrfagleg gruppeforankring
  • Vi søker kandidat som er sterkt motivert, fleksibel, har stor arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Stimulerande arbeidsmiljø med stor aktivitet, høg fagkompetanse og sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervising av medarbeidarar og studentar og forsking på høgt internasjonalt nivå
  • Lønn blir avtalt som totallønn

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege,
Lege / Overlege,
Lege / Spesiallege

Nøkkelord

Seksjonsoverlege,, Medisinsk, klinikk,, Nyresykdommer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Steinar Skrede
Stillingstittel
Assisterande klinikkdirektør, Medisinsk klinikk
Telefon
55 97 50 00
Følg firma
1841 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 288777602
Sist endret 23. jan. 2023 15:27

Rapporter annonse