Utløpt

Kommunikasjonsrådgjevar

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar
Frist
10.02.2023
Ansettelsesform
Prosjekt
Ved Høgskulen på Vestlandet, Fellesadministrasjonen, er det ledig ei prosjektstilling som kommunikasjonsrådgjvar i Avdeling for kommunikasjon

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet leiar eit nasjonalt arbeid som skal få fleire menn til å velje lærarutdanning for dei yngste elevane. I tillegg skal prosjektet få fleire mannlege søkjarar til barnehagelærarutdanning, og søkjarar med innvandrarbakgrunn til lærarutdanningane. Prosjektet er eit oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, og det inneberer eit samarbeid med andre høgskular og universitet, i tillegg til relevante organisasjonar og instansar.

Prosjektet utfører eit nasjonalt informasjonsarbeid som er synleg i riksdekkande og sosiale medium og skal bidra til ein positiv omtale av læraryrket.

Prosjektet søkjer ein kommunikasjonsrådgjevar i ei prosjektstilling i perioden 25.3.2023 - 25.3.2025.

Arbeidsstaden er Sogndal, Stord eller Bergen.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Du vil arbeide med mange spennande og varierte oppgåver i prosjektet. Ei hovudoppgåve er å rekruttere, organisere og følgje opp våre rollemodellar som drar på besøk og turné til skular etc. Du vil og vere ein viktig pådrivar i arbeidet med å produsere godt og relevant innhald til kampanjar og andre tiltak i ulike kanalar og overfor ulike aktørar. Analyse og oppfølging av mediebildet er også ei oppgåve.


Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • høgre relevant utdanning på minst bachelornivå, fortrinnsvis master
  • erfaring med prosjektarbeid og strategisk kommunikasjonsarbeid
  • god forståing for, og kjennskap til media
  • eit godt journalistisk språk
  • teft og interesse for påverknadsarbeid
  • evne til raskt å sette seg inn i komplekse saker, sjå gode vinklingar og formulere tydeleg bodskap
  • gode framstillingsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • god rolleforståing
  • sjølvstendig, ansvarleg og initiativrik
  • god gjennomføringsevne
  • gode samarbeidseigenskapar
  • fleksibel og imøtekommande

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

Avdelingsleiar, Svei Ove Eikenes, Tlf 53 49 14 13

Nestleiar, Helge Olsen, Tlf 41 47 91 83  


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for kommunikasjon har ansvar for å leggje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsvegen 28, 5063 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 5414 Stord
  • 6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
PR og informasjon,
Rådgivning
Følg firma
953 følger dette firmaet

Inndalsvegen 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 288768017
Sist endret 23. jan. 2023 14:15

Rapporter annonse