BESATT

Norbits ynskjer deg!

Arbeidsgiver
Norbits AS
Stillingstittel
Systemutvikler
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Kjære systemutviklar! Me i Norbits er ein så rå, evnerik, samansveisa og samkøyrt gjeng at me veks i rasande fart. Difor søkjer me no endå fleire kloke og passeleg sprø personar på laget vårt.  


Me er ein god gjeng på 13 stykk som jobbar på for at kundane våre sjølv kan gjere det betre. Me har det så kjekt i lag og så mykje å gjere at det nesten er ilt. Difor ser me etter deg som er motivert til å ta i eit tak, og som kan bli lokka av at statusmøter kan haldast i stolheisen eller på fjorden så vel som på kontoret.  


Ynskjer du og vera med å vidareutvikla Noregs heftigaste programvare for vare- og faghandel?  

Me i Norbits utviklar og sel dataprogrammet norbits.Retail. Fleire av dei største butikkane i Noreg er på kundelista, og me leverer løysningar for mellom anna POS, netthandel og varestyring. Hjå oss får du sjansen til å jobbe med dei nyaste teknologiane, samt system med høg krav til oppetid og stabilitet.  


Som om det ikkje var nok, så leverer me òg det råaste dataprogrammet for bil- og dekkverkstader – Future og norbits.Verksted. 


Arbeidsoppgåver 

I Norbits vil du jobbe med både ny programvare og utvikling av eksisterande applikasjonar, integrasjon med eksterne system og kundestyrte, tilpassa løysingar. Du vil arbeide tett med gode kollegaer og prosjektkoordinator i Norbits. Du vil har stor friheit til å styre arbeidstida di sjølv, men med definerte utviklingsprosjekt og oppgåver.   

 

Som det ambisiøse, læringsorienterte og engasjerte mennesket du er, så får du som del av teamet vårt store faglege utfordringar, med særs gode utviklingsmoglegheiter. 


Kva ser me etter?  

·      Fint om du har høgare utdanning innanfor teknologi, matematikk eller andre relevante studium – men ikkje eit krav 

·      Du har kjennskap til utviklingsverktøy for webbaserte løysingar 

·      Der er ikkje dumt med erfaring eller ynskje om å lære seg Visual Studio(C#), Blazor, HTML/CSS, SQL og Git 

·      Gjerne kunnskap om tørr humor 

·      Sterk vilje til å tileigna deg meir fagleg kunnskap

 

Kven er du ?  

·      Om du har tenkt å vera sur kan du holda deg heima, så fint om du er grei og omgjengeleg. Om ikkje så er me fleksible på løysingar for heimekontor 

·      Fint om du har interesse for å utvikle deg fagleg, og at du meir enn gjerne deler denne kunnskapen med resten av teamet 

·      Kvalitet og struktur er ikkje framandord for deg 

 

Kvifor Norbits?  

Hos oss vil du få jobba i eit trygt selskap med stabil økonomi. Samtidig er me kjenneteikna av ein passeleg dose galskap med fokus på innovasjon, kreativitet og å eksperimentera til det beste for både oss og kundane våre.

Me har kontorlokale sentralt på Voss og i Ulvik. Me er ein gjeng som liker å ha det kjekt både på arbeid og utanfor, samtidig som me er opptatt av å finne dei beste løysingane for kunden og oss sjølve. Me er opptatt av å utvikle ikkje berre løysningar for kundane våre, men også vår eigen kunnskap og forståing. Kompetanseheving sett me i høgfokus, og støttar aktivt opp om dette med båe kursing og arbeidssamlingar. Både internt og eksternt 


Me finn stadig på nye sprell og er sjeldan vanskelege å få med på ein fest. Om været er fint, er me fort å finne i ein paraglidar eller på fjellet om det er pudder. Firmatur, bonusordningar og så mykje dravle du vil ha er berre nokre av godane me tilbyr 


Kvifor Voss?  

Voss – bygda for sterke opplevingar! Dei seier verda er vid, og kanskje ingen annan plass på jorda er dette meir korrekt enn på Voss. Frå djupe skogar og høge fjell, heftige stryk og eit sjarmerande sentrum. Her finn du alt du kan drøyme om, og litt til. Om ikkje ekstrem natur eller ekstremsport kan freista deg, så er det også ekstremt kjekke folk på Voss og omland. Det er heller ikkje lange vegen til storbyen Bergen, om du er ein som likar sånt. 


Om dette høyrest knall ut eller du lurer på noko, så ta gjerne kontakt med oss.

Sjå også på nettsidene våre norbits.no for meir informasjon. Me intervjuar fortløpande, og alle kandidatar vert behandla konfidensielt. 

Sektor
Privat
Sted
Regimentsvegen 158, 5705 Voss
Bransje
IT - programvare
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Utvikler (generell)
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

c#, systemutvikler, .net, sql, git

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eirik Larsen Holtekjølen
Stillingstittel
Prosjektkoordinator
Følg firma
10 følger dette firmaet

Regimentsvegen 158, 5705 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 288761215
Sist endret 27. mar. 2023 09:04

Rapporter annonse