Utløpt

Leiarstilling i vossabarnehagen

Arbeidsgiver
Voss herad Barnehage
Stillingstittel
Styrar
Frist
09.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Det er ledig fast leiarstilling i Vossabarnehagen med f.t tenestestad Voss barnehage.

Tidsrom: 
Stillinga er ledig frå februar 2023, det er ynskjeleg med snarleg tiltreding.
  

Om arbeidstaden:
Voss barnehage ligg på Tvildemoen ca 10 -15 minutt frå Voss sentrum. Barnehagen har 108 born fordelt på 5 grupper, 1-2 åringane i aldersdelte grupper, 3-5 åringane i alderblanda grupper, derav ei utegruppe. 

I Voss barnehage skal alle borna ha nokon å leika med, og oppleva mestring kvar dag.

Arbeidsoppgåver:

  • Styrar har ansvar for at barnehagen blir driven i samsvar med lov og regelverk
  • Styrar har ansvaret for pedagogisk-, personal- og administrativ leiing av barnehagen
  • Forvalte barnehagen sine totale ressurser på ein god måte innan dei økonomiske rammer barnehagen er tildelt
  • Leie og motivere til samarbeid og aktivt bidra til eit godt utviklings-, lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • Sikra eit godt barnehage-heim samarbeid og møte føresette med høge forventningar til barnehagen på ein positiv og konstruktiv måte
  • Styrar rapporterer til leiar for barnehagar

I Voss herad har me eit nært samarbeid mellom leiarane innan kommunalavdelinga og administrasjonen, m.a. gjennom faste fagmøte, leiarmøte, og tverrfagleg mellom leiarane.
Me kan lova spanande og utfordrande stillingar som gir rom for fagleg og personleg utvikling.

Kvalifikasjonar:

  •  Kompetansekrav: Barnehagelærar eller anna relevant høgskuleutdanning.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me Søkjer:

  • Me søkjer ein dyktig leiar som er motivert for stillinga og har visjonar om leiing av ein god  barnehage, og har evne til å inspirera og arbeida målretta og systematisk.

  • Styrar må stå fram som ein tydeleg leiar og vera god til å samarbeida mot felles mål. Du må vera fleksibel, ha godt humør og trivast i ein travel kvardag med varierte oppgåver. Det er ønskeleg at ein ha erfaring frå barnehagefeltet 
  • Du er ein tydeleg og synleg leiar som engasjerer, motiverer og inspirerer til felles innsats
  • Du er analytisk og jobbar kunnskapsbasert i utvikling av barnehagen
  • Du er modig og handlekraftig, målretta og systematisk
  • Kommunikasjonsevne, samarbeidsevne og evne til å bygge gode relasjonar til barn, foreldre og tilsette, blir vektlagt
  • Du er fleksibel, har godt humør og trivast i ein travel kvardag med varierte oppgåver
  • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

 

Om arbeidsgiveren

Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er
senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i kommunen.

Verdiane våre: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor
Offentlig
Sted
Voss tinghus, 5700 Voss
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Styrer

Nøkkelord

Barnehage, Styrar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frøydis Solbakk
Telefon
45 29 28 55
Følg firma
169 følger dette firmaet

Voss tinghus, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 288400643
Sist endret 20. jan. 2023 15:21

Rapporter annonse