Utløpt

Rektor

Arbeidsgiver
Bulken skule
Stillingstittel
Vil du vere med å setje fotspor i vossaskulen?
Frist
13.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Er du vår nye rektor på Bulken skule?

Det er ledig 100 % fast rektorstilling ved Bulken skule frå 01.03.2023

Bulken skule er ein 1-7 skule som ligg om lag 7 km kilometer vest for Voss sentrum. Skulen har 95 elevar og 16 tilsette. Skulen har SFO- tilbod for elevar på 1.-4. trinn. Me søkjer deg som er motivert for ei leia ein organisasjon i utvikling og som har visjonar om leiing av ein god skule. Du er i stand til å inspirera og motivera dine medarbeidarar til å nå felles mål og skape gode tenester. Vossaskulen ynskjer å rekruttere ambisiøse og inkluderande leiarar som står fram som tydelege leiarar, viser retning og som samarbeider med personalet mot felles mål. Me ser etter deg som er framtidsretta, oppteken av skuleutvikling og som er god på kommunikasjon og relasjon.  Me ser etter personar som ynskjer å vera aktive bidragsytarar til å vidareutvikla vossaskulen som organisasjon. Leiarerfaring og personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt

 

Om arbeidsstaden

Gå inn på https://voss.herad.no/tenester/barn-og-familie/skulane-i-voss-herad/ for å finna nærare opplysningar om skulen

 

Arbeidsoppgåver

  • Leia verksemda og sikra utviking og vekst i eigen organisasjon
  • Syta for eit trygt og inkluderande læringsmiljø som bidreg til auka læringsutbytte for kvar enkelt elev
  • Sikra god organisering og forvaltning av einiga sine ressursar
  • Leia og motivera medarbeidarar til samarbeid og kollektiv prestasjonsutvikling.
  • Bidra aktivt til god måloppnnåing i heradet og i høve statlege mål og føringar
  • Samarbeid med føresette og faginstansar
  • Vere ein aktiv bidragsytar inn i Vossaskulen

 

Me søkjer deg som har

  • Relevant høgare pedagogisk utdanning
  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • Det er ynskjeleg med kompetanse og/eller erfaring frå leiing av utviklingsarbeid i skule 

 

Personlege eigenskapar

  • Du er ein tydeleg leiar som er i stand til skape motivasjon og vekst hjå den enkelte og i organisasjonen
  • Du er modig, har gjennomføringsevne og kan stå fram og vise retning
  • Du har interesse for utviklings- og endringsarbeid
  • Du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med medarbeidarar, elevar, føresette og kollegaer
  • Du trivst med høgt tempo og varierte arbeids- og ansvarsområde
  • Du har god gjennomføringsevne

 

Me tilbyr

  • Ein trygg og god arbeidsstad med spanande oppgåver
  • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
  • Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Hugs å gje opp referansar

 

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

 

 

Om arbeidsgiveren

Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er
senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i kommunen.

Verdiane våre: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor
Offentlig
Sted
Voss tinghus, 5700 Voss
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

grunnskule, leiar, rektor, undervisning, pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Takvam Rekve
Telefon
99 20 71 98
Følg firma
170 følger dette firmaet

Voss tinghus, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 288395018
Sist endret 20. jan. 2023 14:46

Rapporter annonse