Vil du bli vår nye lokalitetsansvarlig?

Arbeidsgiver
Blom Fiskeoppdrett AS
Stillingstittel
Lokalitetsansvarlig
Frist
03.03.2023
Ansettelsesform
Fast

Har du lyst å lede ditt eget oppdrettsanlegg?

Vil du være med å produsere berekraftig mat som vert sendt ut til heile verden?

No søkjer me etter ny lokalitetsansvarlig til å drifte lokalitet Syrtangen, utanfor Vikavågen i Øygarden. Som lokalitetsansvarlig hos oss har du ansvar for drifta på lokaliteten. I tett samarbeid andre røktarar, fôroperatørar og driftsleiar skal utfordringar løysast, arbeid planleggast og gjennomførast. Ingen dagar er like og du vil møte mange ulike utfordringar. Du skal følge heile produksjonen frå den vert frakta frå land til den slaktast, gjennom alle operasjonar som er nødvendig før, under og etter utsettet.

Du må kunne arbeide sjølvstendig, planlegge arbeidsdagar for andre, planlegge større operasjonar som skal koordinerast med fleire andre og bistå andre lokalitetar om nødvendig. Produksjon av fisk er ein biologisk prosess og mykje kan endra seg fort. Fleksibilitet og evne til å prioritere rett er viktig. Dersom dette høyrast spennande ut, oppmodar me deg til å søkje!

Me har tre lokalitetar i Øygarden som skal få nyutsatt fisk ila denne våren og sommaren. Lokalitetane heitte Ljøsøy N, Gardskråneset og Syrtangen. Fôring på lokalitetane vert styrt frå eit lokalt kontrollrom, av dyktige operatørar som du vil arbeida tett med. Fôrsentralen er avhengig av god forståelse av situasjonen på merdkanten og deira utstyr må fungere. Derfor er det viktig med eit godt samarbeid mellom lokalitetane og fôrsentralen slik at alle kan få større innsikt, spele kvarandre gode og hjelpe kvarandre. Din rolle vil vere viktig for at eit godt samarbeidet mellom lokalitetane og fôrsentralen skal oppretthaldast.

Evne til samarbeid, løyse utfordringar, kommunisere og tileigne seg ny kunnskap er viktig for å jobbe som røkter. Evne til å ta ansvar, planlegge og være sjølvstendig vil saman med elles gode leiareigenskapar vere viktig som lokalitetsleiar. Kanskje er du den me ser etter?

 

Arbeidsoppgåver

  • Røkting av laks og ørret
  • Ansvar for drift av eit oppdrettsanlegg, samt tilhøyrande administrative oppgåver
  • Planlegge arbeidsoppgåver og operasjonar
  • Registrering av data og rapportering

Din kompetanse/erfaring

  • Fagbrev eller relevant utdanning innan akvakultur er naudsynt
  • Relevant arbeidserfaring er naudsynt
  • Relevant leiartrening er ønskeleg
  • Forståelse for biologi og teknologi

Personlege eigenskapar:

  • Gode evner til å kommunisere, leda og samarbeida
  • Strukturert, sjølvstendig, god på planlegging og gjennomføring av arbeid
  • Evne til å ta til seg og formidle kunnskap og lærdom frå og til andre

Me tilbyr:

  • Arbeid i ei framtidsretta og spennande næring
  • Ein arbeidskvardag med både biologi og teknologi
  • Eit godt arbeidsmiljø i vakre Øygarden
  • Konkurransedyktig lønn og pensjon

Om arbeidsgiveren

Blom Fiskeoppdrett AS er ei familieverksemd som vart stifta i 1971 av oppdrettsveteranen Andreas Blom; ein av pionerane i Noreg innan oppdrett av laks og aure. Selskapet har hovudkontor i Blomvågen i Øygarden kommune, 45 min køyretur frå Bergen sentrum. Me disponerer i dag 8 konsesjonar for laks og aure på lokaliteter i Måløy, Radøy, Meland, Fensfjorden og Øygarden, samt fire settefiskkonsesjonar, ein på Askøy og tre i Øygarden kommune. I dag er det omlag 60 tilsette i selskapet.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Ulvøyvegen 130, 5337 Rong
Bransje
Fiskeri og oppdrett
Stillingsfunksjon
Produksjon

Nøkkelord

oppdrett, laks, røkter, havbruk, operatør

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørnar Blom
Stillingstittel
Produksjonskoordinator
Telefon
483 58 018
Følg firma
12 følger dette firmaet

Ulvøyvegen 130, 5337 Rong

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 288389259
Sist endret 30. jan. 2023 15:23

Rapporter annonse