Matvert i Spisestua
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Matvert i Spisestua
- Frist
- 06.02.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket.
Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal kome i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov.
Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 22.00 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader.
Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet.
Den fremste oppgåva for våre matvertar, er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir mellom dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding.
Per i dag betener vi 16 spisestuer, mellom anna på Nordås, Skuteviken, Klokkarvik, Parkbygget, samt fleire spisestuer i Sentralblokka.
Vi har no ledig ein 100 % fast stilling og eit 6 månaders vikariat i 100% stilling, med moglegheit for forlenging. Vi søker etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste personar som er villig til å tileigne seg ny kunnskap. Matvertane må pårekne å arbeide i alle våre spisestuer.
Det er turnusarbeid og arbeid pt. kvar 3 helg. Søkarer med fagbrev som kokk vil også vere aktuelle.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med matomsorg til pasientar
- Bestilling, tillaging og servering av måltid
- Reinhald, oppvask og rydding
Kvalifikasjonar
- Må ha erfaring frå kjøkken/kantine
- Kjennskap til IK-mat
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumentarast
Personlege eigenskapar
- Fagleg interesse og engasjement
- Serviceinnstilt og imøtekommande
- Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Strukturert og nøyaktig
- Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
- Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN."
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje
- Matvareproduksjon og -industri,
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Mat og servering / Kokk
Nøkkelord
Matvert,, spisestue
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Evy Førland Sander
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 55 97 49 04
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen