Utløpt

Sommervikarar Sjukehusapoteket på Haukeland og Haraldsplass

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Sommervikarer Sjukehusapoteket i Bergen
Frist
03.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester. 

Sjukehusapoteket i Bergen (SiB) er eit av landets største apotek, med omlag 130 tilsette. Sjukehusapoteket har fem avdelingar: Publikumsapotek, to produksjonsavdelingar, sjukehusekspedisjon og avdeling for farmasøytiske tenester.  
Sjukehusapoteket Haraldsplass (SAH) opna november 2021, med 5 tilsette og to avdelingar: Publikumsapotek og sjukehusekspedisjon.

Vi leverer tenester til dei fleste einingane i Helse Bergen, samt andre private institusjonar og kommunehelsetenester. 

For sommeren 2023 (veke 26-32) søker vi nå sommervikarar til stillingar i produksjonsavdelinga, sjukehusekspedisjon og publikumsmottaket. Det må gå fram i søknaden kva veker du kan jobbe.
Vi oppfordrer farmasistudenter med og uten ekspedisjonsrett til å søkje stillingane.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver kjem an på avdelinga, til dømes:

Produksjonsavdelinga:

  • Tilverknad av legemiddel
  • Varehandtering
  • Logistikkoppgåver

Publikumsmottaket:

  • Sal av legemiddel og andre apotekvarer i reseptur og sjølvvalg
  • Kunderettleiing
  • Varehandtering
  • Logistikkoppgåver

Sjukehusekspedisjonen:

  • Forsyning av legemiddel og andre varer til avdelingar i helseforetaket, internt og eksternt.
  • Varehandtering
  • Logistikkoppgåver

Periode for sommervikariat er lagt til veke 26 til 32. Vær venleg og oppgje i søknaden kva tidsrom du kan arbeide.

    Kvalifikasjonar

    • Vi oppmodar særleg farmasistudentar, gjerne med ekspedisjonsrett å søkje. 
    • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg.
    • Interesse for digitalisering og ny teknologi.
    • Gode IKT-kunnskapar.

    Personlege eigenskapar

    • Me ser etter deg som har gode samarbeidsevnar, er ansvarsbevisst og pålitelig.
    • Du har eit godt auge for detaljar og er opptatt av kvalitet i arbeidet.
    • Du trivs i eit hektisk miljø og taklar stressande perioder.
    • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
    • Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.

    Vi tilbyr

    • Sommarjobb i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse.
    • Høve til fagleg og personleg utvikling.
    • Eit godt og støttande arbeidsmiljø.
    • Naudsynt opplæring.
    • Løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst

    Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.

     

    Mangfoldserklæring

    Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Om arbeidsgiveren

    Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.


    Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 



    Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    8
    Sted
    Jonas Lies vei 89, 5053 Bergen
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell / Farmasøyt

    Nøkkelord

    apotek, student, sommerjobb, ferievikar, farmasi

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Pål Espen Johannessen
    Stillingstittel
    Sykehusapoteker
    Telefon
    99 10 49 72
    Kontaktperson
    Kassim Mohamed Adan
    Stillingstittel
    Sykehusapoteker
    Telefon
    41 18 93 30
    Følg firma
    196 følger dette firmaet

    Jonas Lies vei 89, 5053 Bergen

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 288372027
    Sist endret 20. jan. 2023 11:11

    Rapporter annonse