Utløpt

KrF søkjer: Organisasjonsutviklar i 100% stilling i Møre og Romsdal KrF

Arbeidsgiver
Kristeleg Folkeparti
Stillingstittel
Organisasjonsutviklar
Frist
28.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Bli med på KrF-laget!

Vil du vere ein del av eit offensivt team og utgjere ein skilnad?

Vi søkjer ein organisasjonsutviklar (fylkessekretær) for Møre og Romsdal KrF i ei 100% stilling. Som organisasjonsutviklar er du dagleg leiar av fylkeslaget og jobbar tett med fylkesstyret for å dyrke fram sterke lokallag og rekruttere og inspirere medlemer, tillitsvalde og folkevalde. Du vil vere knytt til det sentrale partiapparatet ved organisasjonssjefen og vere ein del av partiet sitt organisasjonsteam som ligg tett på den politiske pulsen nasjonalt og lokalt.


Arbeidsoppgåver

  • Tett kontakt med og oppfølging av lokallag, folkevalde og tillitsvalde
  • Målretta rekruttering og aktivering av medlemer, tillitsvalde og folkevalde
  • Skoleringsarbeid for å lyfte KrF-laget og skape større aktivitet lokalt
  • Valkamp og mobilisering
  • Organisasjons- og styrearbeid
  • Samarbeid med fylkestingsgruppa


Ønska eigenskapar og kompetanse

  • Gode relasjonelle ferdigheiter og gode samarbeidsevner
  • God organisasjonsforståing og evne til å inspirere frivillege
  • Nytenkjande, initiativrik og effektiv
  • Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner
  • Erfaring frå organisasjons- og kampanjearbeid
  • Relevant høgare utdanning innan samfunnsvitskap, organisasjonsleiing, endringsleiing eller innovasjon er ein føremon
  • Kjennskap til KrF sitt verdigrunnlag og arbeid


Vi tilbyr

  • Meiningsfylte og utviklande arbeidsoppgåver i eit nyskapande og offensivt arbeidsmiljø
  • Innsikt i viktige politiske prosessar
  • Medverking i spennande og innovative organisatoriske avgjersler
  • Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet
  • Arbeidsområde og reiseverksemd i Møre og Romsdal og jamnleg arbeidsfellesskap i Oslo
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP


Den som blir tilsett må dele KrF sitt verdigrunnlag og arbeide målretta for å realisere KrF sin vedtekne politikk. Stillinga går som "særskilt uavhengig" og det må påreknast arbeid utanfor kjernetid i samanheng med møter, organisasjonsarbeid og oppfølging av lokallag. Det må reknast med reising i heile fylket samt noko nasjonalt, og søkjaren må ha førarkort og kunne disponere bil.

Kontorstad i fylket kan drøftast.

Om arbeidsgiveren

Kristeleg Folkeparti har ca. 17.000 medlemer, fordelt på 11 fylkeslag og 270 lokallag. Det er i dag 13 tilsette på partiet sitt landskontor. I tillegg har partiet 11 fylkessekretærar/organisasjonsutviklarar og 4 administrasjonssekretærar som betener fylkeslaga. I Møre og Romsdal har KrF 23 lokallag og ca 1500 medlemmer.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Organisasjoner
Sted
Brusdalsveien 216, 6011 Ålesund
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Markedsføring og annonsering,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Koordinering,
Prosjektledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

politikk, organisasjon, mediehåndtering, samfunnsengasjert, frivillighet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Olav Eggebø Aanonsen
Stillingstittel
Adminstrasjonssjef
Mobil
45 03 73 68
Følg firma
20 følger dette firmaet

Brusdalsveien 216, 6011 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 288286690
Sist endret 2. mar. 2023 16:08

Rapporter annonse