Psykologspesialist/psykolog
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Psykologspesialist/psykolog
- Frist
- 12.02.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekkjer fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.
Grunna auka tilsøkjing til spesialisthelseteneste, utlyser vi no ein ny fast 100% stilling som psykologspesialist/psykolog på BUP Voss. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon.
Bygda vår er full av ekstreme kontrastar. Anten om det er natur, kultur eller sport som ligg ditt hjarta nærmast. På Voss vert du møtt av eit levande bygdesamfunn med eit mangfald av opplevingar å velja mellom. Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar, og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnader. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tek deg rett til fjells, går heile året.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av psykiske lidningar hjå barn og unge
- Koordinatoransvar for pasientar
- Rettleiing av foreldre
- Samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og 1. linetenesta
- Familie- og systemarbeid
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Klinisk psykolog
- Ønskjeleg med erfaring frå utgreiing og behandling av psykiske vanskar hjå barn og unge
- For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo på arbeid
- Evne til å jobba både sjølvstendig og systematisk
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
- Erfaring frå og ønskje om å arbeide i eit tverrfagleg team
- Erfaring med DIPS er ein føremon
- Vi vil leggje stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Få arbeide både sjølvstendig og i team med pasientarbeid
- Arbeide med både individual terapi og gruppebehandling
- Moglegheit til å gjennomføre spesialistutdanning
- Kurs og rettleiing
- Moglegheit for reisetid i arbeidstid ved pendling
- Nye og flotte lokale
- Fjell og vakker natur rett utanfor kontordøra din
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Gurid Almenningens Plass 1, 5704 Voss
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Psykolog
Nøkkelord
Psykologspesialist,, psykolog,, PBU,, Voss
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Marianne Stordal Røynesdal
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 56 53 35 35
Gurid Almenningens Plass 1, 5704 Voss