Utløpt

Miljødirektoratet søkjer kommunikasjonsrådgivar

Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgivar - vikariat
Frist
05.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med MILJØDIREKTORATET
Om stillinga

Miljødirektoratet vil vere ei synleg og ettertrakta ekspertkjelde til kunnskap om klima og miljø. No er vi på jakt etter ein klok og strukturert kommunikasjonsrådgivar som forstår korleis vi kan bruke kommunikasjon for å nå miljømåla. Vikariatet varer til januar 2024 med moglegheit for forlenging.

Du har innsikt i nettarbeid og forstår perspektivet til brukarane. Du ser kommunikasjonsflatene våre i samanheng. Du forstår kva det vil seie å kommunisere på vegner av ein offentleg etat. Som kommunikasjonsrådgivar hos oss arbeider du tett med leiinga og fagavdelingane, både operativt og strategisk.

Kommunikasjonsavdelinga har tilsaman 18 medarbeidarar fordelte på Brattøra i Trondheim og Helsfyr i Oslo. Her får du jobbe med eit breitt spekter av oppgåver, og med å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt.

Stillinga er plassert i Trondheim.


Stillinga sine hovudansvarsområde
  • planleggje og gjennomføre kommunikasjonsarbeid saman med fagavdelingane
  • utvikle kommunikasjonsarbeidet vårt
  • delta i pressevaktordning


Video: https://www.youtube.com/watch?v=2EyQbSHHc8s&t=19s (https://www.youtube.com/watch?v=2EyQbSHHc8s&t=19s)
Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning på bachelor nivå
  • gode ferdigheiter innan skriftleg kommunikasjon
  • god teft for Miljødirektoratets verksemd og samfunnsoppdrag

Personlege eigenskapar

  • du har god gjennomføringsevne og leverer med rett kvalitet til rett tid
  • du er strukturert
  • du er modig og tør å utfordre måten vi jobbar på
  • du er samfunnsinteressert, engasjerte og løysingsorientert
  • du er nysgjerrig og interessert i nye kommunikasjonsformer og trendar
  • du har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr
  • Vikariat med lønn som rådgivar/seniorrådgivar, i lønnsspennet kr. 517 600 (ltr. 56) til kr. 714 000 (ltr. 74), etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkjarar kan vurderast høgare.
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse

Spørsmål om stillinga 

Kontaktperson for stillinga er kommunikasjonsdirektør Kjetil Hillestad, tlf. 47 97 35 46 (kjetil.hillestad@miljodir.no), ev. Assisterende kommunikasjonsdirektør Guri Sandvik, tlf. 92 89 47 97 (guri.sandvik@miljodir.no).

Du sender søknad med relevante vitnemål og attester elektronisk gjennom Jobbnorge.no. 
Vi ønsker at dine vitnemål lastes opp gjennom Vitnemålsportalen.

Merk søknaden 09-2023 KOM

Søknadsfrist: 05.02.2023

Som IA-bedrift ønsker vi en balansert alders- og kjønnssammensetning og å rekruttere flere personer med redusert funksjonsevne, hull i CV og personer med innvandrerbakgrunn.

Vi utarbeider offentlig søkerliste ved søknadsfristens utløp. Opplysninger om deg som søker kan bli offentliggjort selv om du har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlista, jf. offentlighetsloven §25. Dersom vi ikke etterkommer en anmodning om å unntas offentlighet, vil du få beskjed og anledning til å trekke søknaden din.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymiseringen av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidater som er aktuelle for intervju. Forsøket blir evaluert av Difi, som behandler anonyme opplysninger om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidet en statistikk over resultatet av forsøket. Opplysninger om enkeltpersoner vil ikke bli utleverte til andre i sammenheng med forsøket og evalueringen, men reglene om innsyn i offentlig søkerliste og utvidet søkerliste gjelder.

Her er lenke til vår personvernerklæring (http://www.miljodirektoratet.no/no/Om-Miljodirektoratet/Personvern-pa-miljodirektoratetno/).


Om arbeidsgiveren

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. 

Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre.

Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet. 

Sektor
Offentlig
Sted
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Journalist,
PR og informasjon,
Tekstforfatter
Følg firma
2638 følger dette firmaet

Brattørkaia 15, 7010 Trondheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 288248316
Sist endret 19. jan. 2023 09:34

Rapporter annonse