Utløpt

Spesialkonsulent lønn

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Spesialkonsulent lønn
Frist
06.02.2023
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Lønns- og rekneskapsseksjonen er ein av 3 seksjonar i Økonomi- og finansavdelinga i Helse Bergen. Lønns- og rekneskapsseksjonen skal bidra til at alle tilsette i Helse Bergen får rett lønn til rett tid. Dette arbeidet skjer i nært samarbeid med leiarar og stabsfunksjonar ved dei ulike avdelingar og klinikkar. Vi gir bistand om mellom anna lønn, permisjonar, reise, sjukefråvære og KLP- rapportering.

Vi har ledig 100% vikariat som spesialkonsulent. Vikariatet er ledig frå snarast og til 30.04.2024.

Arbeidsoppgåver

  • Kontroll og kvalitetssikring av lønns- og fråværsdata
  • Opplæring/rettleiing/support av leiarar i HR-systemet innanfor oppgåver knytta til lønn, samt gjeldande lov- og avtaleverk. Seksjonen sine oppgåver er i endring, der fokus endrast frå registreringsarbeid til tettare oppfølging/rettleiing av leiarar i føretaket
  • Delta i arbeid med andre administrative system som har sitt grensesnitt mot lønnssystemet
  • Andre lønns- og fråværsrelaterte arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan rekneskap, lønn eller personal
  • Relevant arbeidserfaring
  • Erfaring frå bruk av moderne lønnssystem, gjerne erfaring frå UBW (Agresso Lønn og Personal) frå sjølvstendig rettleiingssarbeid
  • Evner og erfaring med å gjennomføre opplæring og rettleiing, både for større grupper og éin til éin
  • Likar å jobbe i team og er opptatt av kunnskapsdeling
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Serviceinnstilt, fleksibel, strukturert og nøyaktig
  • God norsk skriftleg og munnleg forståing
  • God systemforståing

Personlege eigenskapar

  • Du må vere nøyaktig, ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Nyskapande
  • Har stor grad av fleksibilitet og godt humør
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Liker å gi opplæring og støtte til tilsette

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Fleksitid
  • Medlemsskap i Kommunal Landspensjonskasse
  • Godt og høgt fagleg nivå på dine kollegaer
  • Utviklingsmoglegheiter for den som ønskjer
  • Sentrale og fine arbeidsforhold
  • Vi har eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer som skaper trivsel mellom våre tilsette

 

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Lønn

Nøkkelord

Lønn,, regnskap,, sykemeldinger,, refusjoner,, pensjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gry Stamnes Kjellevold
Stillingstittel
Leiar
Telefon
47 41 72 36
Kontaktperson
Sissel Grindheim
Stillingstittel
Leiar
Telefon
95 28 40 35
Kontaktperson
Stig-Arne Nilsen
Stillingstittel
Lønns- og rekneskapssjef
Telefon
90 91 65 90
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 288061139
Sist endret 17. jan. 2023 15:41

Rapporter annonse