Utløpt

Vil du bidra til grøn omstilling i Vestland?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
06.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Vil du vere med å legge grunnlaget for grøn omstilling i Vestland? Vil du bu på Stord? Næringslivet i Sunnhordland ligg heilt i tet i det grøne skiftet.

Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket, og klima og miljø skal vere ein premiss for alt det vi gjer. I prosjektet Grøn region Vestland treng vi meir kunnskap om næringslivet i Vestland slik at vi har eit godt grunnlag for nye satsingar og prioriteringar.

Dette treng vi di hjelp til. I seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering har vi ledig stilling som rådgjevar på dette feltet. 

Arbeidsoppgåver

  • Overvake og analysere utviklinga i næringslivet i Vestland
  • Utvikle indikatorar for arbeidet med innovasjon og næringsutvikling
  • Visualisere statistikk og indikatorar
  • Formidle kunnskap og delta i strategiske diskusjonar om næringslivet og innovasjon
  • Bidra inn i prosjektet Grøn region Vestland med spesiell vekt på dei grøne hubane i Sunnhordland

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha

  • høgare utdanning på masternivå, i fag som vektlegg kvantitative metodar (t.d. samfunnsvitskap, økonomi, matematikk, naturvitskap, geografi, statistikk...)
  • gode kunnskapar om kvantitativ metode og kjennskap til analyseverktøy

Det er ein fordel med

  • kvantitativ metode i masteroppgåva di
  • erfaring med visualiseringsverktøy, til dømes Power BI
  • kjennskap til næringslivet i Vestland

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og god gjennomføringsevne
  • Omgjengeleg og samarbeidsviljug
  • Gode analytiske evner
  • Evne til å ta initiativ

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Andre opplysningar:

  • Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
  • Arbeidsstad I Leirvik på Stord.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Vabakkjen 2, 5411 Stord
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Analyse,
Rådgivning

Nøkkelord

Grønn, region;, det, grønne, skiftet;

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kathrin Jakobsen
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
98 25 52 53
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Vabakkjen 2, 5411 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 287887183
Sist endret 16. jan. 2023 10:54

Rapporter annonse