Utløpt

Lege i spesialisering endokrinologi

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering endokrinologi
Frist
19.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Vi ved Seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig eit 100% vikariat for Lege i spesialisering innan fagfeltet endokrinologi med oppstart 01.03.23 eller etter avtale.

Medisinsk avdeling er den største avdelinga ved Ålesund sjukehus. Den inneheld 3 sengepostar, poliklinikkar, dialyseining og intensivsenger. Avdelinga har fagseksjonar innanfor nyresjukdomar, lungesjukdomar, blodsjudomar, hjartesjukdomar, diabetes- og stoffskiftesjukdomar, mage/tarmsjukdomar, intensivbehandling og infeksjonssjukdomar samt alderssjukdommar og hjerneslag.

Stillinga inneber mykje poliklinisk virksomheit under tett oppfølging frå overlege og i samarbeid med diabetessjukepleiarar. Frå mars går vi over til 16-delt vakt med kortare nattevakter. Vi har ei 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstade heile døgnet. Vidare seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt.
Seksjonen set godt arbeidsmiljø, samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. 

Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!  

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid ved endokrinologisk poliklinikk
  • Supervisjon/rettleiing av LIS1
  • Internundervisning
  • Utviklings- og forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
  • Evne til fleksibilitet
  • Gode språkkunnskaper i norsk/skandinavisk, både muntleg og skriftleg
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Du har godt humør
  • Du har evne til å samarbeide
  • Du bidreg til innovasjon

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / LIS

Nøkkelord

LIS,, offentlig,, sykehus,, sjukehus,, endokrinologi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jørn-Åge Longva
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
70 10 56 51
Følg firma
208 følger dette firmaet

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 287182731
Sist endret 10. jan. 2023 16:08

Rapporter annonse