Utløpt

Rådgjevar / seniorrådgjevar - Forvaltning Vestland

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar / seniorrådgjevar - Forvaltning Vestland
Frist
15.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betre samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling. 

Forvaltning, utgreiing og geodata (FUG) har eit breitt ansvarsområde innan forvaltning av fylkesvegane i Vestland fylke. Eit overordna mål for seksjonen er å jobbe for eit trafikksikkert fylkesvegnett. Vi har òg fokus på å sikre framkomsten på fylkesvegane våre.


På seksjonen har vi mellom anna ansvar for å handsame søknader om tiltak nær vegane våre, t. d. søknader om graveløyver og andre tiltak i og nær veg, som kan påverke trafikktryggleiken og framkomsten. Vidare har vi ansvar for å handsame søknader etter om avkøyrsler og byggegrenser og å uttale oss til arealplanar som kan påverke fylkesvegane. Vi har òg ansvar for at skiltinga langs våre vegar er i tråd med gjeldande regelverk.

På seksjon infrastruktur og veg, søkjer vi etter rådgjevarar med kompetanse innan arealplanlegging/trafikkteknisk kompetanse/vegfagleg kompetanse. Kontorstad vil vere Førde eller Leikanger. Andre kontorstadar kan vere aktuelle. 

Arbeidsoppgåver

  • Handsaming av søknader etter veglova.
  • Handsaming av søknader om avkøyrsler og dispensasjonar frå byggegrenser.
  • Uttale til arealplanar.
  • Arbeidsoppgåver vil verte tilpassa søkjar og gruppa i heilskap.

Hos oss kan du forvente

Du blir ein del av sterkt tverrfagleg miljø der du få vere med å sette retning for seksjonen. Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver med stor samfunnspåverknad. Hos oss er det gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. 

Vi er opptekne av å ha kollegaer som trivs saman i eit uformelt arbeidsmiljø. Slik får vi det beste ut av kvarandre og skaper engasjement. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale.

Kvalifikasjonar

Fagleg tyngde er ei føresetnad for stillinga. Våre ønsker at du har tre års relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Utdanningskravet kan fråvikast dersom du har relevant erfaring og gode personlege føresetnadar for stillinga. Det er ønskeleg at du har relevant arbeidserfaring med areal- og vegplanlegging og/eller handsaming av saker etter veglova, samt kjennskap til forvaltningslova. Det er òg ønskjeleg at du har førarkort klasse B.

Sidan stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer, offentlege etatar og konsulentar er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner, er løysningsorientert og kan bygge tillit. Stillinga krev også at du kan arbeide sjølvstendig og har gjennomføringskraft. 


Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar for forvaltning Vestland Ann Kristin Nes på telefon 91888033.

Vi tilbyr

  • Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod stilling.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Flere arbeidssteder
  • 5705 Voss
  • 6800 Førde
  • 5750 Odda
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Annet,
Ingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ann Kristin Nes
Stillingstittel
Leiar
Telefon
91 88 80 33
Kontaktperson
Kathrine Mari Njåstad Blaaflat
Stillingstittel
Fagkoordinator
Telefon
97 46 92 76
Følg firma
1047 følger dette firmaet

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 287059953
Sist endret 31. jan. 2023 11:26

Rapporter annonse