Utløpt

Vil du vera med å fremja folkekultur?

Arbeidsgiver
Bygdelagssamskipnaden i Oslo (BLS)
Stillingstittel
Aktivitetskoordinator
Frist
28.01.2023
Ansettelsesform
Fast

Om oss og våre planar: Bygdelagssamskipnaden (BLS) er ein organisasjon for utvikling særleg av norsk folkekultur. BLS eig sitt eige hus - Bygdelagshuset i Nordahl Bruns gate 22, Oslo (sentrum). Vi ynskjer å utvide aktivitetene, ved å rekruttere fleire kulturelle grupper, gjerne også fleirkulturelle grupper. Til det treng vi hjelp av ein aktivitetskoordinator.

Oppgåver: Hovudoppgåva vil vera å verve kulturelle brukarar av våre lokale, og å stimulere til og eventuelt sjølv å arrangere kulturelle aktivitetar under BLS sin paraply, og bidra til å gjera BLS synleg utad. Ein mindre del av stillinga vil vera å etablera, gi rettleiing om og registrere leieforhold.

Ansvarsområde: Stimulere til og organisere bruk og utleige av kulturdelen av NBgt 22. Bidra til utvikling og synleggjering av BLS og medlemslag. Stimulere til aktivitetar i våre lokale, og eventuelt utanfor dei, i form av kurs, dans musikk, foredrag osb. Søkje om økonomisk støtte gjennom forskjellige offentlige og private ordningar.

Stillingsfunksjoner: Aktivitetskoordinator, aktivitetsleder/leiar, administrasjon, inspirator, arrangør.

Ynskte kvalifikasjonar: Interesse for folkekultur - med særleg fokus på folkedans og folkemusikk. Evne til å vera ein entusiastisk ambassadør for folkekultur og til å etablere tilhøyrande nettverk. Meistre sosiale medier. Organisatorisk kompetanse (administrativt, økonomisk). Du er ryddig, strukturert, fleksibel, utadvendt og initiativrik.

Vi kan tilby: 50-100% stilling (med prøvetid). Fleksitid, med noko kveldsarbeid. Løn etter avtale. Kontor i BLS sin bygning i Nordahl Bruns gate 22, Oslo sentrum.

Tiltreding frå 1. mars. Ny, utsatt søknadsfrist

Om arbeidsgiveren

BLS er eit fylkeslag under Noregs Ungdomslag, med tilsaman ca 1600 medlemer, fordelt på 15 medlemslag i Oslo og Akershus, i form av bygdelag, leikarringer, eit barnelag, lokallag, eit kor, eit teaterlag og eit stort blanda lag, BUL (som har eige hus).
Aktivitetar er m.a. folkedans, folkemusikk, kor, teater, møte, hytteaktivitetar, idrett. Fleire av laga har eigne hytter. Aktivitetene er hovudsakleg basert på frivillighet, men vi leiger óg profesjonelle instruktører, musikarar og føredragshaldarar.
Eigedommen i NBgt 22 er heileigd av BLS, men Olav-Thon-gruppen drifter gården og står for utleige av hyblar og næringslokale for BLS.
BLS vert leia av eit styre med fem personar.

Sektor
Organisasjoner
Sted
Nordahl Bruns gate 22, 0165 Oslo
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Event og arrangementer,
Ideelle organisasjoner,
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Koordinering,
Prosjektledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gert-Fredrik Malt
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
92 04 83 02
Kontaktperson
Anne-Lise Berggren
Stillingstittel
Styremedlem
Mobil
95 29 29 30
Følg firma
8 følger dette firmaet

Nordahl Bruns gate 22, 0165 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 286332516
Sist endret 14. feb. 2023 20:52

Rapporter annonse