Utløpt

Marknadsavdeling søkjer digital råtass!

Arbeidsgiver
Hordaland Bladdrift AS
Stillingstittel
Digital Markedsfører
Frist
31.01.2023
Ansettelsesform
Fast

Avisa Hordaland si marknadsavdeling er i vekst, og no satsar me for fullt mot den digitale annonsemarknaden. 


Me treng å styrkja oss innan digital marknadsføring og er difor på leit etter ein dyktig og engasjert ny kollega som kan hjelpa oss i rett retning.


Heilt konkret søkjer me deg som:

  • veit korleis du kan nytta digital teknologi til å treffa publikum på nye, effektive måtar
  • er trygg på korleis du kan analysera og bruka innsamla data for å utvikla nye marknadsstrategiar
  • forstår kva som skapar engasjement, og korleis ein byggjer sterke og gode merkevarer
  • kan tenkja deg å jobba med kundar, både som seljar og medierådgjevar
  • lærer og tek i bruk nye verktøy raskt
  • vil ha ein jobb du kan vera med og forma, med stort rom for å utvikla både deg sjølv og andre


Du treng ikkje vera ekspert på alt! For oss er det viktigaste at du har lyst til å læra og bidra til felles utvikling innan den digitale annonsemarknaden og dei moglegheitene som ligg der.


Om oss

I Hordaland er me for tida rundt 20 tilsette, fordelt på avisredaksjonen og marknadsavdelinga. Me samarbeider med Amedia, brukar deira verktøy og tekniske løysingar og har tilgang til eit stort kompetansemiljø og nettverk av medarbeidarar over heile landet.


Hordaland er ei nytenkjande avis med tradisjonelle røter og store ambisjonar for framtida. Me har mål om å vera ein attraktiv arbeidsstad, driva eit moderne mediehus, vera fyrstevalet til kundar og ha ei synleg merkevare. Framover ynskjer me å spela ei endå større rolle for dei som brukar oss som annonsekanal.


Hordaland held til i sentrum av Voss, ei av dei mest innovative bygdene i Noreg. Med toget kjem du deg til både Bergen og Oslo, og turmoglegheitene i og kring bygda er vidgjetne. Mange kjenner til Voss gjennom Ekstremsportveko, skisport eller Vossa jazz, men Voss har òg ei sterk lokalavis med mange lojale lesarar. Med Voss herad sine 16.000 innbyggjarar vil du som tilsett i Hordaland vera viktig for mange. I tillegg kjem omeignskommunane Ulvik, Vaksdal, Modalen, Eidfjord og Ullensvang, som avisa òg dekkjer. 


I Hordaland har me godt arbeidsmiljø, ordna arbeidsforhold, konkurransedyktig lønsnivå og gode pensjons- og forsikringsavtalar.


Oppstart etter avtale.


Sektor
Privat
Sted
Evangervegen 32, 5704 Voss
Bransje
Markedsføring og annonsering,
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Markedsfører,
Rådgivning,
Salg
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

markedsføring, innholdsmarkedsføring, annonsesalg, merkevarebygging, mediekonsulent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingvil Aaen Torpe
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
95 73 96 73
Kontaktperson
Terje Øye
Stillingstittel
Sals- og marknadssjef
Mobil
98 88 33 93
Følg firma
3 følger dette firmaet

Evangervegen 32, 5704 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 285762965
Sist endret 13. feb. 2023 20:28

Rapporter annonse