Utløpt

Ledige stillingar som fastlege og fastlegevikar

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Fastlege
Frist
26.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Folk treng fastlegen. Fastlegen treng gode vilkår for å kunne gjere jobben sin.  Bjørnafjorden kommune har laga ei ordning som sikrar at du som etablerer deg som fastlege i kommunen vår, kan konsentrere deg om pasientane dine og di faglege utvikling. 

Det skal vere fint å vere fastlege. I Bjørnafjorden har du kommunen i ryggen heile vegen. 

Bjørnafjorden kommune har to ledige legestillingar: 

  • 100 % fast stilling som kommunal fastlege ved Moberg legesenter
  • 100 % vikariat (18 mnd) som kommunal fastlege ved Eikelandsosen legekontor

 La det koma fram i søknaden kva stilling du søkjer på, ev prioritert rekekfølge.

Kort om arbeidsgjevaren:
Bjørnafjorden kommune ligg vakkert til i kystlandskapet sør for Bergen.  

Kommunen har 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst. Då treng vi òg fleire fastlegar. 

 

Kommunal fastlege ved Moberg legesenter, 100 % fast stilling  

Vi søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin eller er i spesialisering (ALIS). Du kan òg inngå avtale om spesialisering hos oss. 

Moberg legesenter ligg i nye og flotte lokale ved E39, omlag 15 minutt med bil frå Bergen sentrum. Legesenteret har fire fastlegar og éin turnuslege.  

Om stillinga: 

  • Pasientliste på 500, med moglegheit for auke til 700 

  • 20 % av stillinga som helsestasjonslege 

  • 20-delt legevakt ved interkommunal legevakt 

  • Andre kommunale oppgåver kan vere aktuelle 

  • Infodoc er journalsystem 

Vi tilbyr: 

  • Fullt ut betalt utdanningsløp 

  • Grunnlønn etter Legeforeningen sitt avtaleverk + insentivlønn 

  • Fastlønn for legevakt 

  • Regelmessig internundervisning/fagforum 

  • Tett oppfølging og rettleiing ved spesialisering 

  • Eit svært godt og utviklande arbeids- og fagmiljø 

 

Kommunal fastlege ved Eikelandsosen fastlegekontor, 100 % vikariat i 18 månader 
Vi søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin eller er i spesialisering (ALIS). Du kan òg inngå avtale om spesialisering hos oss. 

Eikelandsosen legekontor ligg i nye og flotte lokale sentralt på Eikelandsosen, om lag 30 minutts køyretur frå Osøyro. 

 Om stillinga: 

  • Pasientliste på 700 

  • 13,3 % av stillinga ved den interkommunale legevakta på Moberg 

  • 20-delt legevakt ved interkommunal legevakt 

  • Andre kommunale oppgåver kan vere aktuelle 

  • Infodoc er journalsystem 

Vi tilbyr: 

  • Fullt ut betalt utdanningsløp 

  • Grunnlønn etter Legeforeningen sitt avtaleverk + insentivlønn 

  • Regelmessig internundervisning/fagforum 

  • Tett oppfølging og rettleiing ved spesialisering 

  • Eit svært godt og utviklande arbeids- og fagmiljø 

 

Etter utløpt søknadsfrist, kan det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Torggata, 5209 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Allmennmedisin,
Lege,
Lege / Spesiallege

Nøkkelord

fastlege, lege, medisin

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jonas Dale
Telefon
99 48 63 67
Kontaktperson
Mike Görtz
Telefon
47 78 21 62
Følg firma
483 følger dette firmaet

Torggata, 5209 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 283995786
Sist endret 9. des. 2022 16:01

Rapporter annonse