Utløpt

Rådgjevar (barn og unge)

Arbeidsgiver
Røde Kors
Stillingstittel
Rådgjevar (barn og unge)
Frist
01.01.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Norges Røde Kors

Vikariat (12 månader) som tilretteleggar for barn og unge

Røde Kors skal bidra til at barn og unge får utvikle seg i trygge omgjevander, prega av inkluderande fellesskap. Barn og unge kan kjenne seg utrygge eller einsame av ulike årsaker.  Tidleg innsats er avgjerande for at utfordringane dei har no ikkje skal følgje dei gjennom livet.

I nært samarbeid med lokalforeiningane koordinerer og gjennomfører Sogn og Fjordane Røde Kors aktivitet som skal gje barn og unge gode opplevingar å bygge vidare på. Vi prøver òg å legge til rette for at barn og unge får høve til å ta del, utvikle seg sjølve og bidra til lokalsamfunnet sitt gjennom å engasjere seg som frivillige. Stillingshavar vil arbeide med gjennomføring, koordinering og utvikling av aktivitetar knytt til desse områda, og vil vere ein viktig støttespelar og rådgjevar for lokale ledd i den samanheng.

Utfordringa Røde Kors og andre har sett mål om å påverke er stor, og vi har ulike verkemiddel.  Ferie for alle, der barnefamiliar med utsett økonomi får eit gratis ferieopphald, er eit av Røde Kors sine tilbod. I Sogn og Fjordane er Ferie for alle ein stor aktivitet, med fleire hundre deltakarar kvart år. Den som skal fylle stillinga vil vere ansvarleg for å vidareføre dette tilbodet i minst tilsvarande omfang og kvalitet som til no, samt andre tilbod retta mot denne målgruppa.

Vi søker deg som brenn for humanitært arbeid, og som gjennom å legge til rette for og utvikle andre, kan bidra til at frivillige engasjerer seg i å gjennomføre aktivitetar for barn og unge lokalt, og i distriktet sin regi. Vi søker deg somser kor viktig tidleg innsats er for å skape gode haldningar blant barn og unge, og som har erfaring med og veit litt om kva som skal til for å nå fram til dei. 

Arbeidsoppgaver

  • Planlegge, og legge til rette for påmelding, deltaking og evaluering av fleire årlege Ferie for alle-opphald for barnefamiliar, i nært samarbeid med frivillige, kollegaer, og kontaktpersonar i kommunale tenester.
  • Planlegge, koordinere og evaluere andre tiltak retta mot barn og unge
  • Bidra til planlegging og gjennomføring av Røde Kors Ungdom sine aktivitetar og arrangement
  • Legge til rette for godt mottak, opplæring og oppfølging av frivillige som er engasjert i arbeid med og for barn og unge i Røde Kors, inkludert evaluering av innsats.
  • Fange opp lokale Røde Kors-ledd sine behov for oppfølging knytt til barn og unge.
  • Bidra som distriktskontoret sin fagressurs for barn og unge
  • Bidra i dialogen med Norges Røde Kors knytt til arbeidet med barn og unge

Kvalifikasjoner

  • Høgare relevant utdanning knytt til barn og unge eller tilsvarande fagfelt. Lang, brei og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. 
  • Du har gjerne jobba i funksjon der du har erfart at du når fram til andre, får etablert gode relasjonar, når fram med bodskapen din, og får konstruktive reaksjonar.
  • Du er ein god menneskekjennar og evner å tilpasse dine bidrag og påtrykk. 
  • Du har god forståing for, og profesjonell erfaring med, digitale læringsverktøy. 
  • Du har gode analytiske evner, og kjenner til relevante innsiktsverktøy.

 

Personlige egenskaper

  • Nøyaktig og strukturert. 
  • Kan jobbe både planmessig og improvisere. 
  • Har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team. 
  • Du likar å hjelpe andre til å lykkast 
  • Du har god samfunnsforståing 
  • Du er sjølvgåande  

Det vil vere nyttig å ha god innsikt i organisasjonsarbeid, forståing for arbeidsforma i ein frivillig organisasjon og evne til å tilpasse seg denne. 

 

Vi tilbyr

 

  • Meiningsfylte og spennande arbeidsoppgåver i Norges største frivillige humanitære organisasjon.
  • Engasjerte kollegaer og eit breidt kontaktnett i ein mangfaldig organisasjon.
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger.
  • Arbeidsforholdet er regulert av de(n) til ein kvar tid gjeldande tariffavtale(r) i verksemda, for tida: Hovedavtalen Tekna og Funksjonæravtalen Negotia.

 

Stillinga inneber noko reising. Den tilsette må ha førarkort, og må rekne med noko forskjøven arbeidstid, med kvelds- og helgearbeid.  

Røde Kors er opptatt av mangfald. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om det er behov.

 

Om arbeidsgiveren

Røde Kors er verdas største frivillige, humanitære organisasjon. I Norge har Røde Kors over 44 000 frivillige i 380 lokalforeiningar over heile landet. Organisasjonen arbeider for å avdekke, hindre og lindre menneskeleg naud og liding både nasjonalt og internasjonalt. Som beredskapsorganisasjon og støtteaktør for styresmaktene arbeider Norges Røde Kors for å styrke samfunnet si beredskapsevne. Les meir: www.redcross.no

Sektor
Organisasjoner
Sted
6800 Førde
Bransje
Organisasjoner,
Ideelle organisasjoner
Stillingsfunksjon
Kundeservice,
Omsorg og sosialt arbeid,
Kontor og administrasjon

Nøkkelord

barn, unge, aktivitet, ferie, fritid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Dag Hovland
Stillingstittel
Dagleg leiar Sogn og Fjordane Røde Kors
Telefon
90 89 49 74
Følg firma
4047 følger dette firmaet

6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 283993302
Sist endret 12. des. 2022 12:49

Rapporter annonse