Utløpt

Førsteamanuensis/førstelektor i idrettsvitskap

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/førstelektor i idrettsvitskap
Frist
08.01.2023
Ansettelsesform
Fast
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100%  som førsteamanuensis/førstelektor i idrettsvitskap ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga er ledig frå 01.08.2023 og inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Sogndal.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til bachelor i idrett, trening og helse, studieretning idrett, trening og prestasjon og studieretning trening, fysisk aktivitet og helse, samt master i idrettsvitskap. I tillegg kan det bli aktuelt å undervise i andre studieprogram ved instituttet, samt etter- og vidareutdanning.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde innan idrettsvitskap. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar

  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga


Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129?q=Forskrift%20om%20ansettelse%20og%20opprykk).

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad innan idrettsvitskaplege emne. Søkjarar som har levert phd-avhandling innan søknadsfristen og som vil disputere før tiltredingsdato kan óg bli vurdert som kvalifisert.

For tilsettng som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

Vi søkjer særleg teoretisk og praktisk undervisningskompetanse som er utviklande og støttande i arbeid med studentar si læring innanfor naturvitskaplege- og/eller samfunnsvitskaplege emner innan idrettsvitskapen, som fysiologi og treningslære, coaching, idrettspsykologi/helsepsykologi, idrettspedagogikk/helsepedagogikk, idrett og samfunn, idrettsleiing og ferdigheitslære.

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. 

Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.

Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga. 

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt innan idrettsvitskap, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå undervising og rettleiing på bachelor- og masternivå frå høgare utdanning innan idrettsvitskap

  • Relevant kompetanse og/eller erfaring innan ulike praktiske aktivitetar/idrettar, frå idretten som utøvar, støtteapparat og/eller trenar, eller frå anna helsefremjande arbeid
  • Relevant kompetanse innan metodiske, vitskapsteoretiske og etiske problemstillingar for fagfeltet
  • Internasjonal erfaring

 

Utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv i tråd med kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL (http://chrome-extension://efaidnbmnnnibpcajpcglclefindmkaj/https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/kriterier-for-utdanningsfaglig-basiskompetanse-ved-ansettelse-og-opprykk-i-forsteam-2020.pdf) .

For stilling som førstelektor skal relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing dokumenterast.

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i utdanningsfagleg kompetanse.


Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://www.jobbnorge.no) ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen,  irekna:

  • Vitskapleg arbeid (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL (https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/kriterier-for-utdanningsfaglig-basiskompetanse-ved-ansettelse-og-opprykk-i-forsteam-2020.pdf).

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Assisterande instituttleiar Ane Solbraa, tlf.: 57 67 60 81 / 909 53 275, e-post: ane.solbraa@hvl.no


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://youtu.be/z-Py_In-Eyg (https://youtu.be/z-Py_In-Eyg)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.
 
Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.
 
Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar. Instituttet gir og undervisning i fysisk forstring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskolelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbud.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Sektor
Offentlig
Sted
Røyrgata 6, 6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
964 følger dette firmaet

Røyrgata 6, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 283993134
Sist endret 9. des. 2022 15:35

Rapporter annonse