Utløpt

Brenn du for god service?

Arbeidsgiver
Norges Handelshøyskole (NHH)
Stillingstittel
Servicemedarbeider
Frist
08.01.2023
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga og avdelinga

Vi søker deg som likar å være i direkte kontakt med mange menneske kvar dag. Vennleg og profesjonell service er naturleg for deg, og du har eit ønske om å finne gode løysingar og hjelpe andre. Du jobbar strukturert og effektivt, og kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk. Vidare trivst du i ein hektisk arbeidskvardag med et mangfald av arbeidsoppgåver, og du kan raskt gå frå ein oppgåve til ei anna. 

Som servicemedarbeidar tar du i mot gjestar og tilsette i resepsjonen. Du hjelper kundar på telefon og e-post, og har et særskilt ansvar for studentservice. Vi søker derfor ein positiv og engasjert medarbeidar til teamet vårt.

Stillinga som servicemedarbeidar er en 100 prosent fast stilling og høyrer til Servicesenteret. Som vår nye kollega er du en del av eit team på fem medarbeidarar som jobbar kontinuerleg for å utvikle servicetilbodet ved NHH.


Hovudoppgåver vil være å
  • yte service til studentar, tilsette og gjestar
  • svare på førespurnader på telefon og e-post
  • bestille varer og tenester samt administrere utlån av nøklar og nøkkelkort
  • enkel sakshandsaming og skrive ut enkle stadfestingar til studentar
  • generell støtte i Servicesenteret ved behov

Du må rekne med endringar i arbeidsoppgåver og organisering over tid.


Kvalifikasjonskrav
  • 1-2- års utdanning utover vidaregåande skule (relevant realkompetanse kan erstatte krav om utdanning)
  • gode digitale kunnskapar
  • relevant erfaring
  • gode kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk

 

Det er ein fordel om du har

  • erfaring frå førstelinje og service
  • erfaring frå eit internasjonalt miljø

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • ønsker og evnar å yte god og profesjonell service
  • arbeider effektivt og strukturert
  • trivst med å handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø
  • evne til å jobbe sjølvstendig så vel som i team
  • har evne til å gå raskt frå ei oppgåve til ei anna

NHH tilbyr
  • jobb i ein organisasjon som utfører spennande og samfunnsnyttige oppgåver
  • varierte utfordringar
  • triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no/) (www.spk.no)
  • inkluderande arbeidsliv
  • velferdsgode som subsidiert trening hos Sammen
  • bedriftshytte og gratis parkering

Stillinga har kode 1065 - konsulent og er løna etter lønsregulativet frå staten frå kr. 417 500 - 449 500 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn bli vurdert. Et innskot på to prosent til Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/) blir trekt frå lønna. I tillegg betaler NHH som arbeidsgivar 9,8 prosent.


Generell informasjon

NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte, om å søke stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hull i CV-en. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarar kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å få bli unnateken frå søkarlista. Søkarar vil bli informert om dette på førehand. Dersom du ønsker meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med kontorsjef Endre Adolfsen på e-post: endre.adolfsen@nhh.no eller på tlf. 922 01 556.

Søknad, CV, vitnemål og attester sendast elektronisk via Jobbnorge.

Søknadsfrist 08.01.2023


Om arbeidsgiveren

Noregs handelshøgskole (NHH) er ein av dei leiande handelshøgskolane i Europa. Vi er internasjonalt akta for forskingsmiljøet vårt, og vi utdannar framtidas økonomar og leiarar. NHH er førstevalet til studentar som skal ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg. Vi har om lag 3 600 studentar og 450 tilsette.

På NHH arbeider vi saman for berekraftig verdiskaping.                Høg kvalitet, solid etisk standard og innsats for felles mål pregar all verksemda vår. Høgskolens kjerneverdiar engasjert, open og ambisiøs står sentralt for tilsette og studentar.

NHH - for deg som vil noko meir!

Sektor
Offentlig
Sted
Helleveien 30, 5045 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Kontor og administrasjon / Resepsjon,
Kontor og administrasjon / Sentralbord
Følg firma
233 følger dette firmaet

Helleveien 30, 5045 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 283993117
Sist endret 5. jan. 2023 13:18

Rapporter annonse