Utløpt

Ergoterapeut barn

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Ergoterapeut barn
Frist
31.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Helse og rehabilitering har ledig 100 % fast stilling som ergoterapeut for barn 0-16 år, frå 01.01.2023.
I verksemda Helse og rehabilitering inngår fysio- og ergoterapi for vaksne og barn, Frisklivssentralen, kommunalt hjelpemiddellager og legeteneste.
Ergoterapistillinga for barn vert ein del av eit tverrfaglig team som frå før består av 3,5 årsverk fysioterapi. Barneteamet er lokalisert i Timehallen.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og trening av barn i alderen 0-16 år, med hovudvekt på finmotorikk
  • Tverrfagleg samarbeid med helsestasjon, barnehage, skule, spesialisthelseteneste, fastlege, NAV, hjelpemiddelsentral og eksterne samarbeidspartnarar.
  • Kartlegging og søknad på hjelpemiddel
  • Kartlegga og tilrettelegga i omgjevnadar og bustad
  • Trening i gruppe etter behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • Relevant videreutdanning, kurs i ergoterapi for barn
  • Relevante kurs i hjelpemiddelformidling
  • Erfaring frå liknande arbeid i kommunehelsetenesta
  • Erfaring frå arbeid med barn
  • Språkferdigheiter i norsk på høgt nivå, skriftleg og munnleg
  • Me legg vekt på at den tilsette er eigna for stillinga. 

Personlege eigenskapar

  • Ein fagleg engasjert, imøtekommande og positiv ergoterapeut
  • Gode evner til å jobba med barn og unge
  • God på relasjonar og samarbeid
  • Kunna arbeida sjølvstendig og i team
  • Effektiv og fleksibel
  • Er ein støttande kollega og ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet

Me tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Moglegheiter for fagleg utvikling
  • Engasjerte og fagleg flinke kollegaer som tilstrebar eit godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Pensjonssparing og forsikring etter kommunen sine ordningar

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Trallfaveien 4, 4340 Bryne
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Ergoterapeut

Nøkkelord

Ergoterapeut, barn

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lene Hammervold Olsen
Stillingstittel
Verksemdleiar Helse og rehabilitering
Telefon
92 28 45 38
Følg firma
605 følger dette firmaet

Trallfaveien 4, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 283976609
Sist endret 9. des. 2022 12:56

Rapporter annonse