Utløpt

Seniorrådgiver

Arbeidsgiver
Sykehusinnkjøp HF
Stillingstittel
Senior rådgiver
Frist
04.01.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med SYKEHUSINNKJØP HF

Sykehusinnkjøp HF er eit helseføretak som er ansvarleg for kontraktsinngåing og kontraktsoppfølgjing for spesialisthelsetenesta. Føretaket er delt i divisjonar og Divisjon vest støtter i hovudsak sjukehusa i Helse Vest. Divisjonen har 57 medarbeidarar, har hovudkontor i Bergen og kontorstader i Stavanger, Haugesund og på Nordfjordeid.


Sykehusinnkjøp divisjon vest inngår årleg kontraktar på om lag 5 milliardar kroner. Vi jobbar kategoriorganisert og arbeider tett med fagpersonar i sjukehusa for å kome fram til dei beste løysingane. Vi er eit ambisiøst innkjøps- og kontraktsmiljø som kontinuerleg arbeider med å forbetre våre prosessar og kvaliteten i innkjøpa og avtale- og leverandørforvalting, samtidig som vi sørger for innovasjon og samfunns- og miljøansvar i anskaffingane. 


Vi søkjer seniorrådgjevarar i fast stilling. Du har høgare utdanning, gjerne som jurist eller siviløkonom. I utgangspunktet ser vi etter medarbeidarar som har erfaring innan offentlege anskaffingar. Personar som berre har eit eller to års relevant jobberfaring etter utdanninga sin vert og oppfordra til å søkje. Stillingane har kontorstad i Bergen eller Stavanger.


Hovudoppgåva vil vere å leie anskaffingar på vegne av sjukehusa i Helse Vest og i hovudsak i kategoriane Medisinsk teknisk utstyr, Administrasjon, HR, Bygg- og eigedomsdrift og Prehospitalt.

Det er viktig for oss at du har evne til å leie og gjennomføre anskaffingar i samsvar med lov og forskrift om offentlige anskaffingar og har ei god merkantil og juridisk forståing. Du bør ha interesse for spesialisthelsetenesta generelt og for dei aktuelle fagområda spesielt. Samtidig er det viktig for oss at du medverkar til kompetansedeling internt, har godt humør og trivast i ein organisasjon i endring.

 

Arbeidsoppgåver

  • Leie og gjennomføre anskaffingar/ kontraktsinngåing
  • Medverka til utvikling av kategoristrategiar
  • Anskaffingsfagleg rådgjeving, vurdering og rettleiing
  • Sikre implementering av avtalar
  • Medverke til realisering av gevinstar for spesialisthelsetenesta gjennom effektive og gode innkjøp
  • Medverke til utvikling og kompetanseheving av føretaket

 

Kvalifikasjonar

  • Du har høgare utdanning innan relevante fagområde - gjerne som jurist eller siviløkonom eller med helsefaglig bakgrunn
  • Ønskjeleg med erfaring innan anskaffingar og kontraktarbeid, gjerne frå offentlege anskaffingar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Ansvarleg - du er nøyaktig, serviceinnstilt og sjølvstendig
  • Handlekraftig - du tar initiativ, evnar å leia og gjennomføre
  • Kommuniserande - du er tydeleg både munnleg og skriftleg, innbyr til dialog og samarbeider godt
  • Inspirerande - du er kompetent, løysingsorientert og har godt humør
  • Endringsvillig - du er fleksibel og evnar raskt å ta på deg nye oppgåver
  • Heilskapstenkande - du evnar å sjå Sykehusinnkjøp sitt bidrag til betring av spesialisthelsetenesta

 

Vi tilbyr

  • Eit engasjerande arbeidsmiljø med høg kompetanse og profesjonalitet
  • Fagleg utvikling i eit av Noregs største offentlege anskaffingsmiljø
  • Ansvar for å gjennomføre anskaffingar i eit teknisk interessant område
  • Konkurransedyktige vilkår - Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moderne, trivelege lokale med gode kantine- og treningsfasilitetar
  • Høve til heimearbeid

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjøl om søkaren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil søkaren bli informert, jf. offentleglova §25.

 

Denne annonsa er på nynorsk - men hjå oss i Sykehusinnkjøp HF kan du nytta begge dei norske målformene, og du velgjer også sjølv kva målform du skriv søknaden i.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Inger Bang Lunds vei 4, 5059 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4021 Stavanger
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

Bergen, Stavanger, Ledelse, Økonomi, Anskaffelser

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Julie Rinde
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
93 41 77 54
Kontaktperson
Friedemann Starck
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
90 62 46 57
Følg firma
248 følger dette firmaet

Inger Bang Lunds vei 4, 5059 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 283955474
Sist endret 9. des. 2022 09:34

Rapporter annonse