Utløpt

Helsesjukepleiar 80% midlertidig stilling, med stor mogelegheit for forlenging

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Frist
11.12.2022
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Osterøy kommune

  

Er du ein engasjert helsesjukepleiar og ynskjer å bidra til utvikling og kvalitet ved Osterøy helsestasjon? Ynskjer du å bli ein del av eit triveleg arbeidsmiljø i flotte, moderne lokale på Nord-europas største innlandsøy? Då er det nettopp deg vi søkjer etter! 

Osterøy kommune er ein mellomstor kommune som ligg omtrent 35 minutter køyring frå Bergen sentrum. Osterøy helsestasjon er pr idag ein del av Familiens hus saman med barneverntenesta, PPT og Barn og Familieteamet. Vi arbeidar tverrfagleg for å gje gode tilbod til born, unge og deira familiar. Me er ein triveleg gjeng med mange engasjerte medarbeidarar som er lokalisert i nye lokaler i Lonevåg sentrum.
Osterøy helsestasjon består av helsestasjons- og skulehelsetenesta, jordmortenesta og helsestasjon for ungdom. Me har fem helsesjukepleiarar, ei jordmor, ei prosjektstilling og ein merkantil tilsett. Me har fokus på å utvikle gode, universelle tiltak for å betre barn og unges levevilkår.
Helsestasjonen er i dag ein del av sektor for oppvekst, utdanning og kultur. Sektoren og tenesteområdet har over tid hatt fokus på utvikling og kvalitet. Tenesta har vorte vesentleg styrka dei siste åra i tråd med sentrale føringar. I sektoren er det eit utstrakt samarbeid mellom tenestene for å gje eit samordna tilbod til barn og unge.
Me søkjer no etter helsesjukepleiar i 80% midlertidig stilling. Varigheit til 31. desember 2023 med stor mogelegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver:

  • Helsesjukepleiar som arbeider etter gjeldande lovar, forskrifter, retningslinjer og veiledarar knytt til helsefremmende og forebyggjande arbeid
  •  Gjeldande program i helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom iht retningslinjer
  •  Foreldrerettleiing
  •  Koordinere arbeid og gje støtte til barn og familiar med sammensatte utfordringar
  •  Klasseundervisning og grupper
  •  Journalføring i infodoc
  •  Delta i utvikling av tenesta og tverrfaglig samarbei
  •  Tilby helsetenester til flyktninger

Kompetanse:


Me søkjer deg som er autorisert sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie. 

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode fagkunnskaper
  • Engasjement for førebyggjande og helsefremmande arbeid
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og tverrfagleg
  • Gode samarbeids- og kommunikasonsevner.
  • God framstillingsevne i norsk både munnleg og skriftleg. 
  • Er utviklingsorientert og tenkjer nyskapande og heilskapleg innan fagfeltet
  • Evne til å arbeide systematisk og strukturert
  • Gode IKT- ferdigheiter
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagd i stor grad

 

Me tilbyr:

Variert arbeid i eit positivt arbeidsmiljø
kompetente medarbeidarar og gode kollegaer
fokus på fagleg utvikling
god pensjons-/ og forsikringsordning
tilsetjing på kommunale vilkår

 

Anna informasjon:


Søkjar må ha førarkort og må kunne nytte eigen bil i tenestearbeid.
Dersom du tek i mot stillinga må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3mnd.

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

Sektor
Offentlig
Sted
Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Anestesi

Nøkkelord

Helsesjukepleiar, helsesykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Kollvangsnes Solberg
Telefon
98 63 95 07
Følg firma
173 følger dette firmaet

Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 283894345
Sist endret 8. des. 2022 16:51

Rapporter annonse