Utløpt

Miljøterapeut i døgnturnus

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut i døgnturnus ved Psykisk helse- og rusomsorg
Frist
14.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Miljøterapeut til stilling i døgnturnus ved Psykisk helse og rusomsorg! 

Raus bufellesskap er lokalisert i Haus sentrum på Osterøy. Ei av Nordeuropas største innlandsøyer! Anten du bur på Osterøy eller på fastlandet er Haus aldri langt unna! Frå Bergen sentrum brukar du ganske nøyaktig 35 minutt med bil om du legg turen over Osterøybrua! Og køen går motsatt veg - både til og frå jobb! 

Eininga psykisk helse og rusomsorg består av psykiatrisk heimeteneste, kommunepsykolog, bufellesskap og tilbodet Kroken som gjev tenester til personar med rusproblem.

Eininga har no ledig 2 stillingar i 100% storleik med arbeid i døgnturnus ved Raus bufellesskap.  Intervall på turnus er 2-2-3 med sju dagar fri mellom kvar økt.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver kan til dømes være:

o Gje bistand til bebuarane i dagleglivets aktivitetar

o Bidra til å skape eit godt sosialt fellesskap

o Ha fokus på aktivitet i kvardagen

o Lage og oppdatere tiltaksplaner

o Medikamenthandtering

o Styrke det sosiale nettverket til bebuarane

o Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar

 

Kompetanse

Krav til bachelor sjukepleiar/vernepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning

Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med brukargruppa 

Det kan være en fordel med erfaring frå somatikk 

 

Personlege eigenskapar

Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.

Du bør være ein person som liker ei utfordring, er løysningorientert og nytenkande.

Gode samarbeidsevner og tryggleik i faget er viktig.

Kreative eigenskapar er positivt.

 

Vi tilbyr

Ein arbeidsstad i naturskjønne omgjevnadar i nydelege Haus!

Gode forsikrings- og pensjonsordningar, for tida plasserte hjå KLP 

Høgt fagleg nivå i kollegagruppa 

Løn etter gjeldande tariffavtale

Osterøy kommune er ei IA-verksemd 

 

 

Anna informasjon

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månadar

Intervju vil hovudsakleg bli halde i veke 51

Førerkort klasse B er påkrevd.

Kommunen har 6 månadar prøvetid ved nytilsetjing. 

Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.

 

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

døgnturnus, sykepleier, vernepleier, psykiskhelse, psykiatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stian Løbø
Telefon
91 38 34 81
Kontaktperson
Trude Dingsør-Totland
Telefon
56 19 22 75
Følg firma
173 følger dette firmaet

Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 283893617
Sist endret 8. des. 2022 16:46

Rapporter annonse