Utløpt

Prosjektleiar - bemanningsprosjekt

Arbeidsgiver
Kvam herad
Stillingstittel
Prosjektleiar - bemanningsprosjekt
Frist
02.01.2023
Ansettelsesform
Prosjekt

Pleie og omsorg har mange deltidstilsette som drøymer om større stilling. Har du lyst å vera med å realisera draumane?

Kvam herad skal starta opp eit bemanningsprosjekt der me m.a. ynskjer å finna ut korleis kommunen kan tilby fleire heiltidsstilling, hindra uønska deltid og redusera sjukefråværet. Nye arbeidstidsordningar og rett grunnbemanning er sentrale verkemiddel. Målet er å finna løysingar som bidreg til at det vert attraktivt å søkja stilling i helse og omsorg slik at kommunen kan tilby gode tenester til innbyggjarane no og i åra framover. Årsturns er innført i heile pleie og omsorg og det er opna for ulike arbeidstidsordningar. Prosjektkoordinatoren vil samarbeida tett med utviklingsprosjektet for pleie og omsorg og i tilknytta delprosjekt som t.d. kartlegging av arbeidsoppgåver, sjukepleieteam m.m.

Me søkjer etter deg som likar å tenkja nytt, treng ei utfordring og vil leia prosjektet i ein 2-års periode.  I første fase vil prosjektet omfatta Øysteseheimen og Tolomarka omsorg og avlastning - til saman omlag 60 tilsette. Erfaringane frå prosjektet vil seinare kunne overførast til andre deler av helse og omsorg.   

Arbeidsoppgåver

Etablera og leia prosjektgruppe
Kartleggingsarbeid ved oppstart av prosjektet
Klargjera målsetjingar og informera om prosjektet på arbeidsplassane
Samarbeida med leiarar og med tilsette sine representantar
Etablera og implementera system for arbeidstidsplanlegging med utgangspunkt i heiltidsstillingar
Kartleggja turnustekniske og økonomiske problemstillingar knytt til nye arbeidstidsordningar
Foreslå nye bemanningsløysingar
Ha oversikt over bemanningsbehov og  vikarbooking

Kvalifikasjonar

Min. 3 års relevant høgskuleutdanning, t.d. innan helse og sosialfag eller innan økonomi og administrasjon
Evne og lyst til å kartleggja, analysera og finna nye bemanningsløysingar
Erfaring frå relevant arbeid - særleg gjeld dette erfaring frå turnusplanlegging
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B 

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.  

Personlege eigenskapar

Du er utviklingsorientert

Du kan arbeida sjølvstendig og målretta og samstundes samarbeida tett med alle involverte i prosjektet 
Du er analytisk og systematisk og har høg grad av gjennomføringskraft og ynskje om resultatoppnåing
Du har gode ferdigheiter innan kommunikasjon- og presentasjon

Me tilbyr

  • Godt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • Høve til å utforma eigen arbeidsdag
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver med fokus på dialog, involvering og utvikling
  • Lønn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Om arbeidsgiveren

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt Statens pris for attraktiv stad . Her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand.  Les meir

Sektor
Offentlig
Sted
5600 Norheimsund
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Åslaug Bøhn Botnen
Stillingstittel
Helse- og omsorgssjef
Telefon
90 59 85 79
Kontaktperson
Kari Sagen
Stillingstittel
HR-sjef
Telefon
90 95 40 46
Følg firma
52 følger dette firmaet

5600 Norheimsund

Annonseinformasjon

FINN-kode 283846514
Sist endret 8. des. 2022 11:52

Rapporter annonse