Utløpt

Ledig vikariat som IT-assistent- koordinator ved IT-avdelinga

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Ledig vikariat som IT-assistent- koordinator ved IT-avdelinga
Frist
02.01.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)


Liker du å arbeide med menneske og bidra til at studentar og forelesar har en betre arbeidskvardag? Ledig vikariat som IT-assistent koordinator ved IT-avdelinga

Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!

Ved IT-avdelinga, Seksjon for IT-fellestenester er det vikariat som IT-assistent koordinator ved IT-avdelinga, avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør i Brita gruppa. Vikariatet går frå 1.2 til 1.8, med moglegheit for forlengelse.

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største og fagleg breiaste IT-miljøa på Vestlandet med om lag 115 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga leverer eit stort spekter av IT-tenester til forsking, utdanning og formidling.

Vi er ein kunnskapsrik og engasjert avdeling med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med universitetets 4300 tilsette og 20 000 studentar. Vi samarbeider tett med dei andre universiteta i Norge. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. Sjå meir om IT-avdelinga her. (https://www.uib.no/it/155335/om-it-avdelingen-ved-uib)

Britagruppa inngår som del av Seksjon for IT-fellestenester og har ansvar for brukarstøtte på tenestene levert av IT-avdelinga .
 


Arbeidsoppgåver:
  • Ansvarleg for dagleg arbeidsleiing av IT-assistentane
  • Delegert personalansvar for dagleg oppfølging av IT-assistentar, og gjennomføring av medarbeidarsamtalar
  • Utarbeiding av vaktplanar
  • Oppfølging av tenestenivå
  • Delta i anna brukarstøtte i Brita
  • Kundekontakt for leveranse av tenester

Den som blir tilsett kan fa? andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Leiareigenskapar, og gode evner til personalhandtering
  • Evne til å arbeide  systematisk
  • God generell IT-kompetanse
  • Evne til å bygge relasjonar med kundane til gruppa. Du evner å forstå bruker behov. Vi vil leggje spesiell vekt på evna til å arbeide målretta, sjølvstendig og  effektivt
  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar internt og eksternt
  • Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga
  • For avdelings- og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
  • For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning 

Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) løn 440 000 - 550 000, overingeniør (kode 1087) løn kr 500 000 - 650 000 eller senioringeniør (kode 1181) løn 540 000 - 710 000 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Gruppeleiar Jon Steine (jon.steine@uib.no 975 57 146) eller seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her. 

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / occupation_itsupp,
IT drift og vedlikehold / IT-support,
Ledelse
Følg firma
1205 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 283840674
Sist endret 8. des. 2022 11:26

Rapporter annonse